– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

april 2021

tors22apr20:30SEGLEM TRIO20:30

Om arr.

KARL SEGLEM saksofon, bukkehorn
HÅKON HØGEMO hardingfele
KÅRE OPHEIM trommer

Saksofonist, bukkehornist, poet, plateselskapgründer med Norcd, og ein utøvar som har laga seg eit unikt prosjekt i tussmørkret mellom folkemusikk og jazz.
Karl  Seglem er ein av våre fremste tenorsaksofonistar og bukkehornblåsarar, og er å rekna som ein institusjon i norsk musikkliv. Han har gjeve ut over 30 plater, og har utvikla eit sterkt personleg uttrykk der melodisk jazzimprovisasjon og norsk folkemusikk møtes i ulike besetningar.
I 2010 vart han tildelt Buddyprisen, i 2012 skreiv han tingingsverket til Vossa Jazz.

No kjem han att med nytt band saman med felespelar Håkon Høgemo – i seg sjølv ein akta utøvar og soloartist, og Kåre Opheim, kjend frå mellom anna Real Ones.

Få med deg ei unik konsertoppleving  – i Kabuso torsdag 22. april kl 20.30!

Tid

(Torsdag) 20:30

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Sjå hending på Facebook

>>> Sjekk ut

Tickets

>>> Kjøp
X