mars 2021

tors18mar19:00tors20:00På eitt pust - alt du kan gjera på 44,5 sekund19:00 - 20:00

Om arr.

Aleksander Nordahl (49) har fridykka seg gjennom verdas hav, fjordar og innsjøar. Det starta som eit journalistisk prosjekt, men har etter kvart vorte eit storslått kunstprosjekt «På ett pust». Gjennom bileta utforskar Aleksander ei verd under vatn me skjeldan får oppleve, på nytt og utradisjonelt vis, alt på eitt pust og berre med hjelp av si eiga lungekapasitet.

Ei magisk og stille verd kjem til uttrykk i undervassbileta hans. Ein dykkar fanga mellom notid og fortid. Falne tre og gigantiske kvalar.
Aleksander er pressefotografen som har skildra menneskeleg godheit, men også vondskap og lidingar frå krigen. Gjennom kamera har han sett og fortald i 30 år. Bileta hans har fått fleire utmerkingar og prisar. I 2002 fekk han den prestisjetunge prisen «World Press Photo», Children`s award for det ikoniske bilete av Tre søstre i Afganistan. Han har også vunne hovudprisen Årets Bilde to gonger, seinast i 2017 med eit bilete frå Syria.

Det er ein stor kontrast frå blodige gater i Aleppo i Syria til stille vatn i Noreg, under isen eller i møte med gigantiske kvalar i Atlanterhavet. Men på alle stadene får fotografen bruk for å behalde roen fordi alle bileta under vatn vert teke på eitt pust.

Aleksander gjer alt for å fange augneblinken om det er over eller under vatn. Med prosjektet «På ett pust» har han tatt steget inn i kunstverda, og hatt fleire utstillingar til god kritikk.

I dette føredraget fortel fotografen om prosjektet, viser bileta og fortel kvifor og korleis bileta har vorte til.

«Bileta er prega av ein djup respekt når dei er frå eit miljø der eg ikkje høyrer heime, og eg må stole på eigen lungekapasitet. Eg er berre på besøk – og på lånt tid.»

Gå ikkje glipp av ein særs fascinerande føredragskveld som utan tvil vil få deg til å halde pusten.

Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.

OBS: Inngang kr 100,-. Billettar på TicketCo. Kun restsal i døra! Lenke: https://fartoyvern.ticketco.events/…/paa_eitt_pust__alt…

Open kafé og museumsbutikk

Velkomen!

Tid

(Torsdag) 19:00 - 20:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Sjå hending på Facebook

>>> MELD DI INTERESSE

Kontakt

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Tlf: 474 79 839

E-post: fartoyvern@hvm.museum.no

Opningstider

17. aug-1. mai:  Kl 10—14, tys—fre

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og YouTube

Contact

Adr: Sandvenvegen 50, Norheimsund

Tel: +47 474 79 839

E-mail: fartoyvern@hvm.museum.no

Opening hours

August 17-May 1: Tues—Friday, 10 AM—2 PM

 

Social media

Follow us on Facebook, Instagram and YouTube

X