– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

nov. 2018

tors08nov19:00tors21:00Ny bok: "Mannemenneske"19:00 - 21:00

Om arr.

Med boka «Mannemenneske» debutera radiodokumentarist, filmmeldar og tidlegare omvisar på fartøyvernsenteret, Brit Aksnes, som forfattar. Gjennom 23 anonyme intervju har Brit freista ta pulsen på den norske mannen anno 2018.

Metoden er den same som Åshild Ulstrup nytta i 1978, då ho gjorde furore med boka «Menn og elskere» ; anonyme intervju med norske menn som fortel sine innerste løyndomar og tankar rundt kjærleik, samliv og mannsrolla. Korleis ser den norske mannen ut no, ein likestillingsrevolusjon og generasjon seinare?

Inngang kr 100,- (i døra)
Open kafé og museumsbutikk

Tid

(Torsdag) 19:00 - 21:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

X