– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mars 2022

tors03mar19:00tors20:00Med «Notchka» til Svalbard – 2 månader på eventyr19:00 - 20:00

Om arr.

Torsdag 3. mars kl. 19.00 får me høyre om Ivar Hoflandsdal sin segltur til Svalbard.

26. juni kl. 11.00 i år (2021) begynte sommarens eventyr og ein 30 år gammal draum gjekk i oppfylling. Dei neste 8 vekene drog Ivar og ein gjeng på segltur om bord på båten «Notchka» frå Norheimsund til Svalbard. Ein tur med mange fine opplevingar, nye erfaringar, kjekke folk og naturen heilt tett på.

I foredraget skal me mellom anna høyre om planlegginga av turen, og om alt gjekk som forventa. Fekk dei vind i segla? Og fekk dei sjå isbjørn på Svalbard?

Ivar Hoflandsdal har jobba på Hardanger fartøyvernsenter sidan 2005, og kjøpte for 2 år sidan båten «Notchka», som har vore på ei jordomsegling og no også til Svalbard.

Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.

Inngang kr 100,- (i døra)

Open kafé og museumsbutikk

Velkomen til oss!

Tid

(Torsdag) 19:00 - 20:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Sjå hending på Facebook

>>> MELD DI INTERESSE
X