– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

juni 2022

sun26jun(jun 26)16:00sun07aug(aug 7)17:00Maria Pasenau: Symbiotisk avskjedDialogutstilling #3(juni 26) 16:00 - (aug. 7) 17:00

Om arr.

Hardanger folkemuseum og Skredhaugen er særs glade over å kunne presentere ei ny utstilling med kunstnaren Maria Pasenau. Utstillinga er initiert og utvikla saman med kunstnar Lars Korff Lofthus, og er den tredje utstillinga i ein serie dialogutstillingar. I samarbeid med museet har Korff Lofthus kvart år invitert ein aktuell nolevande kunstnar til å gjere seg kjend med kunstsamlinga etter Jon Bleie, og stille ut sitt eige arbeid saman med eit utval frå samlinga.

Maria Pasenau, som har budd i Odda sidan 2019, arbeider primært med fotografi men også med lyd og tredimensjonal kunst. Til denne utstillinga har ho leita etter former eller stemningar som hennar eigne motiv og motiv frå samlinga har til felles. Bileta hennar fungerer som visuelle speglingar av det ho har vald frå Bleie-samlinga. Tanken er at samanstillingane løfter kvarandre og blir noko meir enn kvar av delane. Om tittelen på utstillinga, Symbiotisk avskjed, seier Pasenau at det kan handle om ulike typar avskjed, td. med Y-blokka eller akerselva i Oslo.

Pasenau opna i januar separatustillinga The Odder Erotica på Trafo Kunsthall i Asker, til særs gode kritikkar, td. frå NRK, som også portretterte henne saman med Bjarne Melgaard i serien Kunstnerliv.

Maria Pasenau
Maria Pasenau (Mjøndalen, 1994) er ein norsk samtidskunstnar som arbeider i Oslo og Odda. Ho er utdanna på Norsk Fotofagskole i Trondheim. Pasenau har hatt fleire separatutstillingar m.a Whit Kind Regrets Pasenau (2018, Makeriet, Malmø, Sverige), Pasenau and the Devil (2019, Fotogalleriet, Oslo) og The Hopelessness of Beeing Alive (2020, Litteratursymposiet, Odda). Av gruppeutstillinger kan ein nemne Early works (2017, kuratert av Elise By Olsen, New Galerie, Paris), Faithless pictures (2018, kuratert av Andrea Kroksnes, Nasjonalmuseet) og Sub på Akershus kunstsenter i 2018, kuratert av Bjørn Hatterud. Pasenau deltok også i Bjarne Melgaard ´s digitale utstilling Life killed my Chihuahua publisert på instagramkontoen til Galerie Thaddaeus Ropac i 2018. Hoi har også gjeve ut tre fotokunstbøker; Whit Kind Regrets Pasenau i 2018, Pasenau and the Devil i 2019 og The Hopelesness of Being Alive i 2020. Ho er ei av dei yngste kunstnarne nokon gong som har blitt innkjøpt av Nasjonalmuseet.

Utstillinga er ope sundagar mellom 12-17, og når det er arrangement på Skredhaugen.

Tid

Juni 26 (Sundag) 16:00 - Aug. 7 (Sundag) 17:00

Stad

Skredhaugen

5781 Lofthus

X