– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Losar, losing og ei losskøyte frå seglskutetida

tue18feb18:00tue20:00Losar, losing og ei losskøyte frå seglskutetidaForedrag

Event Details

Bli med Arild Marøy Hansen på føredrag om rolla losane spelte i norsk sjøfartshistorie.

I den siste seglskutetida, frå rundt 1840 – 50 til byrjinga av den fyrste verdskrigen, gjekk  norsk lostjeneste i stor grad føre seg som den hadde gjort sidan mellomalderen. Hamnelosar tok fartøy ut og inn av dei mest trafikkerte hamnene, medan sjølvlærte lokale folk, menn, kvinner og til og med ungdommar, måtte trå til som losar i sine lokale miljø. På det vesle losværet Marøy, på ytterkysten i Molde, vart denne tida den siste perioden med losing. Folk på øya vart i staden fiskarar. Det er losinga sin siste periode me skal sjå på i føredraget. Me vil og sjå nærare på samtidas losbåtar, losen sitt viktigaste verktøy. Her vil me til slutt og vitja losskøyta Skudenes som no er inne til restaurering, som og kan vera med på å kasta lys over losane sine arbeidskår og rolle etter århundreskiftet.

Billettar kan og kjøpast på staden. 100 kr for billett.

https://fartoyvern.ticketco.events/no/nb/e/losforedrag

 

 

Foto: ArkivFOTO.net

Time

18/02/2025 18:00 - 20:00(GMT+01:00)

Billettar på nett

Kjøp billett!