– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

april 2019

tors11apr19:00tors20:00Livet og lagnaden til romanifolket - dei båtreisande på Vestland19:00 - 20:00

Om arr.

Historia om dei reisande er ei forteljing om eit annleis liv langs kysten. Om livet undervegs, i kvardag og arbeid, men òg om den harde norske politikken som blei ført ovanfor romanifolket. Mange var innom Hardanger – dei vitja hamner, handla med fastbuande og busette seg for kortare eller lengre tid. Historia til dei reisande er ei forteljing om ein nasjonal minoritet, men òg historia om handel, handverk, arbeidsvandringar og rike musikktradisjonar.

Føredragshaldar Grethe Paulsen Vie er konservator i Haugalandmuseet, og utdanna kulturvitar frå UiB. Ho har i mange år dokumentert historia til romanifolket som reiste sjøvegen. Haugalandmuseet har opparbeidd eit arkiv med bilete, intervju og forteljingar om livet som båtreisande i perioden 1900-1980.

Inngang kr 100,- (i døra)
Open kafé og museumsbutikk

Tid

(Torsdag) 19:00 - 20:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

X