– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

okt. 2022

fre28okt(okt 28)18:00sun30(okt 30)15:00KURS: Sveiping18:00 - 15:00 (30)

Om arr.

På dette kurset får du ei innføring i handverksteknikken sveiping: Ein bøyer eit tynt trestykke og syr endane saman. Som deltakar på dette kurset får du prøve bøying av tre på form, sying med tæger (røtter) og felling av botn. Du endar opp med ei rund eller oval øskje/korg som du kan bruke til mangt og mykje.

INSTRUKTØR: Peter Helland-Hansen

PRIS: 4200,- Inkl. middag laurdag, og lunsj laurdag og sundag

TID: 28.-30. oktober, fredag kl. 18-21, laurdag 09.00-16.00 og sundag kl. 10.00-15.00

MÅLGRUPPE: Nybyrjar/alle

TA MED: Kniv, blyant, syl, støt- og pusshøvel, elles kan ein låne verktøy/utstyr

STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund

SPØRSMÅL & PÅMELDING: solvei.ljones@hvm.museum.no, innan 14. okt. 2022

>>> Sjå heile kursprogrammet vårt her: fartoyvern.no/kurs

Tid

28 (Fredag) 18:00 - 30 (Sundag) 15:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Sjå hending på Facebook

>>> MELD DI INTERESSE
X