– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

nov. 2022

fre04nov(nov 4)17:00sun06(nov 6)17:00Avlyst: Kipe & korgfletting i splitta material17:00 - 17:00 (6)

Om arr.

Velkomen til kurs i fletting i splitta material , her kan du laga kipe eller korg. Kurset vert arrangert i samarbeid med Folgefonn husflidslag. Lærarar er Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø – dei har dei seinare åra kjobba med fleire typer tradisjonelle korger i prosjekt gjennom Norsk Handverskinstitutt, der Hege no og er stipendiat. Fordypinga hennar er nettopp korger i splitta material.

På kurset vert det undervist i ulike og grunnleggjande teknikkar i alle ledd av prosessen, og ein kan velgja mellom kipe, aktarkorg eller snik.

Det vert utlån naudsynt verktøy (inkludert i prisen), men ta gjerne med forkle/skinn til å i fanget, tynne arbeidshanskar og hagesaks. Materialkostnad kjem i tillegg, og ligg mellom 5-700kr alt etter kva korg ein vel.

Kurspris 4200/3700 (medlem Norges husflidslag). Kaffi/te og varme måltid laurdag og sundag er inkludert i prisen.

Påmelding til agatunet@hvm.museum.no innen 07.10.22. Avmeldingsfrist 14.10.22. Ved spørsmål, ring Line Iversen på 94496984.

Velkomen på kurs!

Tid

4 (Fredag) 17:00 - 6 (Sundag) 17:00

Stad

Agatunet

5776 Nå

X