Kurs i å segle tradisjonsbåt
sat15jun(jun 15)09:00sun16(jun 16)14:00Kurs i å segle tradisjonsbåt
Event Details
Har du lyst til å lære å segle tradisjonsbåt med sprisegl? På Hardanger fartøyvernsenter kan du under trebåtfestivalen vere med på eit todagars kurs i å segle tradisjonsbåt. I lag med
Event Details
Har du lyst til å lære å segle tradisjonsbåt med sprisegl?
På Hardanger fartøyvernsenter kan du under trebåtfestivalen vere med på eit todagars kurs i å segle tradisjonsbåt. I lag med våre erfarne seglarar Sarah Sjøgreen og Morten Hesthammer får du kyndig vegleiing og opplæring i å segla tradisjonsbåt med sprisegl. Du må gjerne nytte eigen båt, men me har også båtar for utlån som me kjem til å bruke under kurset.
Gjennom kurset kjem du til å lære meir om:
- Å segla med sprisegl i opne tradisjonsbåtar
- Korleis få fart i båten
- Balanse mellom segl og skrog
- Korleis segle sikkert
- Knoper og stikk me nyttar oss av om bord
- Krysse/stagvende
- Kuvending
- Me filmar slik at me saman kan sjå kva som blir gjort korrekt og kva som kan gjerast annleis
- Plassering av skjøter og fall
Spørsmål til kurset sender du til Svanhild Nesbø:
Epost: svanhild.nesbo@hvm.museum.no
Telefon: +47 900 93 008
Overnatting:
Det finst fleire ulike alternativ (sjå visitkvam.no) men overnattingsstadane som ligg nærast fartøyvernsenteret er: www.hardangerferiesenter.no, www.oddlandcamping.no, og www.sandvenhotel.no (Thon hotell Sandven gjer alle kursdeltakarar rabattert pris, dersom ein opplyser om det ved bestilling av overnatting.)
Mat:
På dette kurset er middag og lunsj inkludert. Dersom ein har allergiar må ein sei i frå, slik at me kan tilpasse maten me serverer.
Billettar:
Pris: 2500,-
Påmelding via Ticketco: Gå til side for påmelding
Time
15 (Saturday) 09:00 - 16 (Sunday) 14:00(GMT+00:00)