– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mai 2022

fre06mai(mai 6)09:30sun08(mai 8)14:00KURS: Åremaking09:30 - 14:00 (8)

Om arr.

Lag dine eigne vestlandsårer! Me held dette populære kurset for fjerde året på rad. Alle får laga seg eit par årer i furu, og lærer både teori og historie på vegen. På kurset får du rettleiing av båtbyggjarar. Du blir kjent med faguttrykk, grunnmål og eigenskapar. Vidare lærer du om korleis me vel ut material, merkar opp og tilverkar årene med tradisjonelle verktøy. Siste dag på kurset ror me ein tur med dei nylaga årene på Hardangerfjorden!

INSTRUKTØR: Peter Helland-Hansen

PRIS: 6700,- Inkl. lunsj fredag, laurdag og sundag, og middag fredag og laurdag

TID: 6.-8. mai, fredag kl. 09.30-17.00, laurdag kl. 09.00-20.00 og sundag kl. 09.00-14.00

MÅLGRUPPE: Nybyrjar, men fordel med noko erfaring med trearbeid

TA MED: Meir info og liste kjem

STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund

SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 15. april 2022

>>> Sjå heile kursprogrammet vårt her: fartoyvern.no/kurs

Tid

6 (Fredag) 09:30 - 8 (Sundag) 14:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Sjå hending på Facebook

>>> MELD DI INTERESSE
X