– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

des. 2021

sun05des12:00sun15:00AVLYST! Kom i julestemning på Hardanger fartøyvernsenter12:00 - 15:00

Om arr.

Grannehjelpa fyller 25 år, hurra! Det ynskjer me også å feire.

Kl. 12.00-15.00 er det ope på Hardanger fartøyvernsenter.

Peparkakebåtane ventar på melis og non stop i kafeen. Småbåtverkstaden tek i mot store og små hobbysnekkarar som kan lage fuglebrett, og reipslagar Ingunn står klar med snøre og perler i «makramé-kroken»

Kr. 50,- pr. born og sal av søtt og salt i kafeen.

Program for heile dagen andre stader:

  • På Orrehaugen kl. 11.00-13.00: Ta med familien på leik og moro ved leirbålet med Norheimsund Speidar. Du kan også få høyra om kva som hende i Norheimsund under 2. verdskrig.
  • I Norheimsund idrettshall kl. 15.30-18.30.  Fest for frivillige i Kvam. Meir info: https://grannehjelpa.no/. Påmeldingsfrist: 25/11.

INFO: Me held oss til gjeldande smittevernreglar: Bli heime om du har fått luftvegssymptom, hugs avstand, bruk gjerne munnbind, og tenk på god hand- og hostehygiene.

Me gler oss til å sjå dykk! Hjarteleg velkomen til oss.

Tid

(Sundag) 12:00 - 15:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Sjå hending på Facebook

>>> MELD DI INTERESSE
X