– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

sept 2022

mån19sep18:30mån21:45KLYNGETUN TIL INSPIRASJON - ELLER IRRITASJONSeminar18:30 - 21:45

Om arr.

Agatunet (Asbjørnsløa)

Kl 18:30 – 21:00

Prosjektet (F)jorden kjem til Aga med hardangerjakta Mathilde og i lag med Agatunet og Ullensvang kommune inviterer dei til ei samtale om klyngetun som ein realistisk utopi for korleis ein kan byggje og bu i Sørfjorden i framtida.

ER KLYNGETUN TIL INSPIRASJON ELLER IRRITASJON FOR NYE BOLIGPROSJEKT I SØRFJORDEN?

Skredfaren på Aga gjorde at klyngetunet ikkje vart ferdig utskifta og bevart som klyngetun på Vestlandet. I dag har ferske skredrapportar for Sørfjorden gjort det endå vanskelegare å bygge nybygg langs fjordkanten. Planleggarane i kommunen må óg ta omsyn til jordvern og utbyggarane bør vise til klimarekneskap nye prosjekt. Samstundes er tomte-og boligmangelen óg ei utfordring i Hardanger.

Kor skal ein då bu i Sørfjorden i framtida – og korleis skal me bu?  Er det muleg å gjera nye boligar på byda attraktive utan stor hage eller småbruk med kikkert-avstand til naboen? Er det det ein ynskje med tettare naboskap eller er redselen for konflikt større enn frykta for å bli einsam? Vi inviterer til ein kveldsprat, utan å ha svara.

 

PROGRAM

 – OPE FOR ALLE – GRATIS!

Vertskap og samtaleleiar er Guro Kvalnes frå Utne Folkemuseum

18:30-19:30 – 10 min introduksjonar

Me får høyre tankar og historier frå:

  • Livet i klyngetuna –  Eva Røyrane med Guttorm Rogdaberg
  • Flodbølga, den nye trusselen – Ullensvang kommune ved Kristian Bondhus-Jensen, kommunalsjef kultur, næring og samfunn.
  • Korleis vil me ha det? -Solvår Sæter frå Nordås Selegrend Borettslag, Randi Augenstein frå Gaining By Sharing i Helen & Hard arkitekter.
  • (F)jorden – to internasjonale eksempler på korleis kunstnarar engasjerer seg i lokalsamfunn: Bobrikova & Carmen om utopiske praksisar (Ruangrupa osb) og Hannes Norr om Inland Academy.

19:30 – 19:50 – Kake og kaffi

19:50-20:45 – Samtale og diskusjon

KAFÉEN I AGATUNET ER OPEN MED SAL AV FORFRISKNINGAR UNDER ARRANGEMENTET

 

12 EKSTRA PLASSAR PÅ MATHILDE OVER FJORDEN – PÅMELDING!

Bli med på Mathilde med sidersmaking på Aga Sideri for 400,-, før arrangementet. Avreise frå Lofthus kai kl 15:30, retur fra Aga 21:00 med ankomst Lofthus kl 21:30 (omtrent). Bindande påmelding og berre 12 plassar! Lenke til påmelding: https://forms.gle/MzjLi2y1eRgyAg4u9 

 

Med atterhald om endringar i programmet.

 

ARRANGØRANE

Arrangementet på Agatunet blir gjennomført som eit samarbeid med Ullensvang kommune, Hardanger folkemuseum på Utne/ Agatunet, og kunstgruppa Skifte.Land som arrangerer (F)jorden – eit flytande symposium om å fordøye eit landskap. Bærekraftsseilasen (F)jorden går med Mathilde frå Sørfjorden til Bergen den siste veka i september, og har med seg 18 kunstnarar og fagfolk frå Sverige, Danmark og Norge.

 

BAKGRUNN:

Skifte.Land er ei skandinavisk kunstgruppe som utviklar prosjekt med inspirasjon frå det historiske jordskiftet, kor gardsbruk over heile skandinavia vart “skifta ut” og rasjonalisert. Med denne brytningstida som bakteppe, undersøker Skifte.Land mulegheiter og umulegheiter for nye skifter i skandinaviske jordbruk og samfunn. Hausten 2022 arrangerer dei (F)JORDEN – eit flytande symposium om å fordøye eit landskap. Hardangerjekta Mathilde vert lasta med kunstnarar, forskarar, fagfolk og nyhausta mat for ein seks dagar lang seilas frå fruktbygdene i indre Hardanger til storbyen Bergen. Undervegs inviterer symposiet til opne seminarer på Aga, i Øystese og i Bergen.  Her vert fjorden og jorden fordøyd gjennom mat, historie, kunst og spørsmål om korleis eit framtidig grønt og blått skifte kan gjennomførast.

Skifte.Land har i tidlegare prosjekt arrangert dialogmøter på Århus Gård (NO) og på Öråker gård (SE) 2020 og deltatt på ein gruppeutstilling på Spriten Kunsthall i Skien 2021, med stedsspesifikke verk og seminarer.

I kunstgruppa Skifte.Land samarbeider Sidsel Bonde (DK), Frøydis Linden(NO) og Malin Lobell.(SE) . Les meir på http://skifte.land/fjorden/

 

Tid

(Måndag) 18:30 - 21:45

Stad

Agatunet

5776 Nå

X