– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

des. 2020

lau05des13:00KakaokonsertUnge talent13:00

Om arr.

Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 5. desember kl 13!

To gongar i løpet av hausten 2020 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!

Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Sjekk også gjerne ut gåvebutikken vår – her kjem det stadig inn nye spanande saker.

Billettar, i resepsjon: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte

Arr: Kvam kulturskule og Kabuso

 

Foto © Kabuso, øverst: Halvor Helland på hardingfele (frå tidlegare kakaokonsert)

Tid

(Laurdag) 13:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Sjå hending på Facebook

>>> Sjekk ut

Tickets

>>> Kjøp
X