– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

sept 2022

sun25sep14:00KaffipauseVed Amber Ablett og Ro Averin 14:00

Om arr.

Bli med på kaffipause med kunstnar Amber Ablett og gjesten hennar, Ro Averin – på Storeteigen sundag 25. september kl 14! 

Hausten 2022 har Amber Ablett invitert fire gjester til å bli med i prosjektet Hvileåret: hvile, vekst og aktivisme.

Kvar gjest, som har ein praksis som aktivist eller innan omsorg, skal bu på Storeteigen frå fredag til sundag. Helga vil ha form av eit utvida intervju der dei saman diskuterer kva rolle kvile har i sine praksisar. Intervjua vil seinare danne ramma for kunstverk som skal visast sommaren 2023. På mini-residensen sin siste dag opnar Amber og gjesten Storeteigen for ein kaffipause og spørsmål. Dei inviterer publikum til å kome og dele sine eigne opplevingar av kvile i samfunnet vårt. Er det fint vær, sit me ute, men om det regnar sit me i Torsteinsstova.

Ro Averin (hun/de) er pedagog og konsulent for likestilling og sosial rettferdighet, som nyttar merksemd og interseksjonalitet som metodar for å skape bærekraftig sosial endring. Gjennom sitt konsulentselskap UNLRN PRJCT, tilbyr ho ressursar innan utdanning og konsultasjon til eit bredt spekter av arbeidsplassar, samfunnsgrupper og enkeltpersonar. Dette for å inkorporere likeverdig og rettferdig praksis innan organisatoriske og institusjonelle metodar, samt støtte og forsterke stemmene til marginaliserte folk i og utanfor arbeidsmiljø.

Om prosjektet
Hvileåret: Hvile, vekst og aktivisme
er eit 18 månader langt kunstnarleg forskingsprosjekt på Storeteigen bygdetun i Øystese utvikla av Amber Ablett. Prosjektet har som mål å skape eit kollektivt rom for å undersøkje kvila si rolle i vekst. Hvileåret fokuserer på kvile innan aktivisme og dei som kjempar mot undertrykking gjennom kollektiv tenking, skriving, verkstad (workshop) og intervensjonar på Storeteigen.

Hvileåret nyttar den tradisjonelle metoden innan jordbruk med vekselbruk og kvileår (på engelsk kjent som brakkåret – eit år som lar jorda fylle på med næringsstoff) som ein analogi for viktigheita av å ta pause og reflektere i arbeidet vårt.

Amber Ablett er ein kunstnar og forfattar basert i Bergen, Noreg. I arbeidet sitt ser ho på kor viktig det er å tilhøyre fellesskap og vere saman. Sentralt i arbeidet er spørsmål om korleis samfunnet formar, kontrollerar og avgrensar våre samansette identitetar. Ablett nyttar sin eigen posisjon som ein med fleirkulturell bakgrunn busett i Noreg, som utgangspunkt for å undersøkje fellesskap og felles tenking. Ho er interessert i korleis me lærer om oss sjølve gjennom å lære om andre menneske. Ablett nyttar ofte verkstadar og samlingar som ein plattform for å dele og opne praksisen sin.

Hvileåret er kuratert av Kunsthuset Kabuso og støtta av Norsk kulturråd

>> Sjå nettstaden til Ablett

 

Tid

(Sundag) 14:00

Stad

Storeteigen

Storeteigen 20, 5610 Øystese

X