– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mars 2022

tors31mar19:00tors21:00Huldreduken - eit tekstilklenodium frå mellomalderen19:00 - 21:00

Om arr.

I samband med 75 års jubileet i 1992 fekk museet ei heilt spesiell gåve; ein nesten fire meter lang brodert duk frå mellomalderen. Duken vart sist vart brukt på Mølster. Ei segn sa at duken hadde vore seks gonger lenger og eingong vart delt mellom seks systre.

Duken viser seg å høyre til ei lita gruppe på tre mellomalderdukar som syner klart slektskap og som skil seg heilt ut frå det ein elles kjenner. Alle tre dukane kjem frå Vestlandet – Voss, Veøy i Romsdalen og ein frå garden Ve i Årdal. Duken frå Sogn er så langt den mest studerte.  Me har difor lenge sett fram til å høyre Siri Benjanminsen formidle kunnskapen ho har fått gjennom det spennande prosjektet » Huldreduken frå Ve – ein unik mellomalderklenodium».

Huldreduken frå Ve er frå fyrste del av 1400-tallet. Duken er over fire meter lang og har broderte bordar i smøygsaum. Det er lin i både botnstoff og broderi. Det broderte mønsteret har mange symbol og teikn frå den gamle folkekulturen. Broderiet er blått, huldrene sin farge. Eit gamalt segn kan fortelle korleis duken kom til ein gard i Årdal inst i Sognefjorden. På kva måte var Huldreduken i bruk i middelalderen? Kan duken ha vore ein gildeduk, brukt ved seremonielle hendingar? I kva grad kan kunnskapen om duken frå Ve overførast til duken me har på Voss.

Siri Benjaminsen er utdanna landskapsarkitekt frå Norges landbrukshøgskule. Ho gjekk på tekstilkulturstudie på Vestnorsk kulturakademi, Voss. Benjaminsen har hatt utstillingar, føredrag og smøygkurs relatert til prosjektet om middelaldertekstilet Huldreduken. Ho er i dag leiar i Sogn Bunadnettverk.

Billettpris kr 150/100 (medlem)

Tid

(Torsdag) 19:00 - 21:00

Stad

Voss folkemuseum

Mølstervegen 143, 5705 Voss

X