april 2021

tors22apr19:00tors20:00Med Restauration gjennom Hell Gate til Det Lova Landet19:00 - 20:00

Om arr.

«Med Restauration gjennom Hell Gate til Det Lova Landet»
– Ei forteljarførestilling om det første norske emigrantfølgje som forlét Noreg 4. Juli 1825.

Denne torsdag tar forteljar Anne Elisebeth Skogen tilhøyrarane tilbake til sommaren 1825.

Ved Bispebrygga i Stavanger låg seglskuta Restauration fortøyd. Om bord på dekk sto eit fylgje på over femti menneske, barn, ungdomar og vaksne. Dei var reiseklare, klare til å forlata landet sitt og vinka eit siste farvel til slekt og vener. Og dei skulle langt, over sjølve Atlanterhavet til Amerika.

Kven var desse menneska, kvifor reiste dei, korleis blei overfarten og kva skjedde vidare då dei nådde New York? Svara får du på forteljarførestillinga på Hardanger fartøyvernsenter den 22. april kl. 19.00!

Anne Elisebeth Skogen jobbar som frilans forteljar gjennom einmannsføretaket www.forteljarkokeriet.no. Ho har hatt fleire turnear for Den Kulturelle Skulesekken i Rogaland, og Hordaland, delteke på festivalar og turnert i sju statar i USA.

Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.

OBS: Inngang kr 100,-. Billettar på TicketCo. Kun restsal i døra! Lenke: https://fartoyvern.ticketco.events/…/anne_elisebeth_skogen

Open kafé og museumsbutikk

Velkomen!

Tid

(Torsdag) 19:00 - 20:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Sjå hending på Facebook

>>> Meld di interesse

Kontakt

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Tlf: 474 79 839

E-post: fartoyvern@hvm.museum.no

Opningstider

17. aug-1. mai:  Kl 10—14, tys—fre

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og YouTube

Contact

Adr: Sandvenvegen 50, Norheimsund

Tel: +47 474 79 839

E-mail: fartoyvern@hvm.museum.no

Opening hours

August 17-May 1: Tues—Friday, 10 AM—2 PM

 

Social media

Follow us on Facebook, Instagram and YouTube

X