– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

okt. 2021

fre01okt19:00Erik LukashaugenHans Børli i toner19:00

Om arr.

Erik Lukashaugen – akustisk gitar, song
Tarjei Nysted – fele, nøkkelharpe, mandolin m.m.

Erik Lukashaugen sine særeigne og jordnære viser har røter på Finnskogen. Dei fann form i møte med Hans Børli sin lyrikk på debutalbumet «Av en sliters memoarer» i 2013.
Albumet vart hylla av kritikarane og visesongaren vart tildelt Vidar Sandbecks kulturpris Regnbågåbrua.
Fem år og meir enn fem hundre konsertar seinere slapp Lukashaugen Børli-albumet «Vi eier skogene» i 2018.
Utgjevinga vart svært godt mottatt og nominert til Spellemannsprisen. I haust er han aktuell med sitt 5. album, Det vi rakk.

Til Kabuso kjem Erik Lukashaugen og Tarjei Nysted med ein sekk full av Børli-viser, samt høgdepunkt frå visesongaren sin øvrige katalog, inkludert radiosingelen «Min sønn» og «Skogblues», skriven saman med rockepoet Tom Roger Aadland.

Velkomen til ei stemningsfull og humørfylt musikalsk reise langt inn i skogen

 

Tid

(Fredag) 19:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Sjå hending på Facebook

>>> Sjekk ut

Tickets

>>> KJøp
X