– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

des. 2020

fre18des20:00Eivind Aarset & Jan BangKonsert20:00

Om arr.

Fredag 18. desember kl 20 tilbyr Kabuso ein bonuskonsert i programmet:
Fekk du ikkje billett til Bugge Wesseltoft kan dette absolutt vera noko for deg!

Eivind Aarset – gitar, elektronikk
Jan Bang – live sampling, programmering
Sven Persson – lyd

I turbulente tider treng me nye historier. På «Snow catches on her Eyelashes» finner me ti slike historier i musikalsk form, signert duoen Eivind Aarset og Jan Bang.

Aarset og Bang har samarbeidd i konstellasjonar med bl.a. Nils Petter Molvær, Bugge Wesseltoft, Sly & Robbie og Jon Hassell siden tidleg nittitall.
«Snow catches on her Eyelashes» er deira første innspeling som duo, og bygger på konsertduo-formatet som oppsto i kjølvatnet av Aarset sitt ECM-album «Dream Logic» frå 2012, kor Jan Bang var produsent. Hvis ein leitar etter røtene til det nye albumet, finn ein dei nettopp i «Dream Logic» og i Jan Bang sine to soloalbum på Samadhisound og Jazzland.

I likskap med desse platene, høyres duoalbumet på same tid moderne og tidløst ut. Det skuldast at musikken består av element såpass langt frå kvarandre i både tid og sjanger som dub, samtidsmusikk, norsk folkemusikk og pop frå 50-talet – knytt saman til fargesterke collagar av den kreative samplinga som er Jan Bang sitt kjennemerke, og Eivind Aarset si kontinuerlege utforsking av gitaren sine klangmogelegheiter.

«Saumlaust» er eit stikkord for resultatet. Dette fokuset på innhald og heilskap, framfor verktøy og enkeltelement, bidreg og til albumet si emosjonelle kraft. For sjølv om teknologi er ein forutsetnad for å skapa denne musikkforma, er albumet langt frå noko kald, intellektuell øving.

På merkverdig vis framtrer «Snow catches on her Eyelashes» som oppløftende. Spor som den monumentale dystopien «Monochrome» bidreg med mørke skuggar, og det finst skarpe kantar og i dei mest harmoniske passasjane. Men likevel ber albumet som heilskap preg av ei lettheit som aldri går på bekostning av djupna.

Tid

(Fredag) 20:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Sjå hending på Facebook

>>> Sjekk ut

Tickets

>>> Kjøp
X