– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mars 2021

fre19mar20:00Ein veg - ei reise med BergensbanenLitterær konsert20:00

Om arr.

Fredag 19. mars kl 20 kan du bli med på ei musikalsk reise: Ut av konsertsalen i Kabuso og avgarde med Bergensbanen i lag med Dag Helleve, Marius Klovning og Jakob Eri Myhre!

Medverkande:
Dag Helleve (tekst)
Marius Klovning (gitar)
Jakob Eri Myhre (trompet)

“Ein veg” er eit samarbeidsprosjekt mellom forfattar Dag Helleve og gitarist Marius Klovning som tar for seg ei reise med Bergensbanen i tekst og musikk.
Prosjektet tar for seg utvalde delar av historien til togstrekninga mellom Voss og Oslo, samt refleksjonar og naturskildringar på vegen.
Musikken er skriven av Klovning og vert framført saman med trompetist Jakob Eri Myhre.

Dette prosjektet er ein del av mastergradsutdanninga til Klovning ved Norges musikkhøgskule og vart framført
for første gong på Voss jazzklubb i september 2020. Etter konserten skreiv Avisa Hordaland blant anna dette:

“Teksten er lun og stemningsfull. Humoristisk og alvorleg på same tid. Saman finn forfattaren og musikarane tonen. Det er tid for refleksjon og ettertanke. Togkupeen
er verkeleg ein stad å drøyme seg vekk”

Klovning og Myhre spelar til vanleg saman i bandet Hullyboo som har eksistert sidan 2012 og som har gitt ut to plater.
Den nyaste, “Farkost”, vart gitt ut på vinyl og cd av Øra Fonogram i 2019 til strålande kritikkar.

Tid

(Fredag) 20:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Sjå hending på Facebook

>>> Sjekk ut

Tickets

>>> Kjøp
X