– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

juli 2019

sun07jul12:00sun17:00Demonstrasjon av figurskjering12:00 - 17:00

Om arr.

Figurskjerar og kunstnaren Kjell Musland viser og let deg prøva figurskjering:
Du kan sjå han i arbeid, korleis han skapar alle dei fine figurane sine, og både born og vaksne kan få prøva kniven sjølve.

Kjell Musland er opphaveleg frå Uskedalen, men bur og arbeidar på Seimsfoss i Rosendal. Han er i dag pensjonist og har drive med treskjering sidan han var midt i 20-åra.
Musland skjer både med motorsag og kniv, og arbeidar alltid for å oppnå gode uttrykk med færrast mogleg kutt.
Arbeida hans står utstilte over heile landet – av dei mest kjende er figuren av Edvard Grieg som står ved Hotel Ullensvang.

 

Tid

(Sundag) 12:00 - 17:00

Stad

Skredhaugen

5781 Lofthus

X