– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

okt. 2022

fre28okt19:00fre20:00ÅSMUND FREDGJAGJEVA - INGEBJØRG LOGNVIK REINHOLDTForteljarkonsert19:00 - 20:00

Om arr.

Åsmund Fregdagjeva – ein forteljarkonsert om heltar og skurkar frå norrøn tid.

Kvifor blir vi så fascinert av helteforteljingane? Kva er det som gjer at så langt tilbake vi veit, har vi elska historiar om dei som tør å gå inn i det ukjende, som blandar mot og kløkt og kjemper mot noko mørkt og mektig for å vinne stort?

Aasmund Fregdegjeva («den som gir mot») er ei av desse historiane. Mellomalderballaden har trekk heilt tilbake til norrøn mytologi, og er skrive ned i heile 63 vers. Der folkesongarar flest kuttar historia ned til ein brøkdel for å få songen inn i ein vanleg konsertsetting, har Ingebjørg Lognvik Reinholdt lyst å fortelje deg heile den dramatiske historia med alle sine karakterar, magi og tvistar.

Ingebjørg blandar forteljarkunst og kvedarkunst i denne soloforestillinga, der ho tek deg med inn i ei anna tid, med helten som seglar over havet for å redde jomfrua og kjempe mot gygrer og all slags magiske skapningar.

Forteljinga blir fortald syngjande. Levande bilete i bakgrunnen er med å skape stemning. Du får vere med på Aasmund si reise ut på havet, inn i Trollebotn, møtet med den fryktelige Skomegygri og korleis det heile går. Forteljinga er ramma inn av musikalske tema henta frå den herlige tradisjonsmusikken vår.

Du får også eit program med ei lita innføring i mellomalderballaden, som du kan ta med deg heim.

Konserten høver for vaksne og ungdommar.

BILLETTAR SELGJAST I KAFÉEN PÅ FØREHAND – 250/225 kr.

VELKOMNE TIL EI FLOTT OPPLEVING I LAGMANNSSTOVA

Forestillinga er støtta av: Norsk Kulturfond, FFUK, Creos Vederlagsfond

 

Visuals/bakgrunnsfilm: Henrik Koppen & Sigurd Ytre Arne

Regi: Aslak Moe

Tekst: Trad. frå Landstads Norske Folkeviser/ Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Musikk: trad.

Kveding og forteljing: Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Dei involverte:

Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein allsidig kvedar kjent for si varme stemme og utprega stilkjensle, sin rike kunnskap om tradisjonen og kulturhistoria vår, og si forteljarevne. Ho har laga forestillinga «Guro Heddelid» for Riksscenen, turnert for store og små med vokalduoen Fivil, og vore utøvande kvedar sidan 9-årsalderen.

I 2019 laga ho bestillingsverket «Brokete Lauv» for solo kveding for Telemarkfestivalen. Ingebjørg er også aktuell med vokaltrioen Aurom og med ensemblekonserten «Burns på dialekt» med Aasmund Nordstoga og den skotske felespelaren Sarah Jane Summers. På Marispelet er ho i år på tredje året som syngjande forteljar. Soloplata «Klokkur som ringjer deg heim», med tradisjonssongar frå Seljord, kom ut i 2020 på plateselskapet Talik.

Aslak Moe er regissør, dramatikar og dramaturg som har som spesialitet soloframsyningar og musikkteater. Han har tidlegare hatt suksess med framsyningane 0+0=4 (Teater Vestland/Det Norske Teatret), Fire Begravelser og et Bryllup (Teater Ibsen/Riksteatret), Nesten Ikke Helt Som Før med Susanne Lundeng (Riksscenen) og Min Kenneth (Det Vestnorske Teatret). Aslak er også kunstnarleg leiar av Fortellerfestivalen.

Tid

(Fredag) 19:00 - 20:00

Stad

Agatunet

5776 Nå

X