juni 2019

04jun18:3020:45Folkedanssalong - Bygda dansar Hordaland!

Les meir

Om arrangementet

Vi har med dette gleda av å invitere deg til Folkedanssalong med tema Bygda dansar Hordaland, tysdag 4. juni kl 18:30 på Ole Bull Akademiet på Voss!

Vi ynsker særleg at du som er interessert i å vera det vi har valt å kalla Bygda dansar-ambassadør, kan komma denne kvelden.
Siri Mæland og Stine Trondsdatter kjem frå Trondheim for å møta oss, og i løpet av kvelden vil de få informasjon om Bygda dansar-konseptet, kort om planane for hausten 2019 og vi ynskjer å ha idémyldring omkring kva ein ambassadør kan vera og korleis vi til saman, best mogleg kan nytta oss av den moglegheita Bygda dansar er for folkedansen i fylket. I tillegg ynskjer vi å legge til rette for deling av informasjon, aktørar imellom, forventingsavklara og sjå på kva for roller ein kan ta i perioden prosjektet er her.

Det er også ynskjeleg å så smått byrja å tenkje på strategiar for korleis vi kan bygga vidare på det som skapast av verdi medan prosjektet er her, for vidareføring etter prosjektperioden.

Vi startar med noko å bita i frå kl 18:30, og ynskjer difor om tilbakemelding om du kan komma innan 30.mai (send e-post til magni@olebull.no).

Folkedanssalong er eit arrangement for informasjon, inspirasjon og nettverksdeling – og er opent for alle interesserte, så vidaresend gjerne invitasjonen til dei du trur kan ha interesse av å vera med!

Her kan du finna meir om Bygda dansar: https://www.bygdadansar.no/

Vi håpar på å sjå deg den 4.juni!

Med beste helsing

Siri Mæland, Stine Trondsdatter (Norsk senter for folkemusikk og folkedans), Per Øyvind Tveiten (Hordaland folkemusikklag), Øystein Rambjørg (Hordaland ungdomslag), Rannveig Djønne, Magni Rosvold (hardingfela.no)

Tid

(Tysdag) 18:30 - 20:45

Stad

Ole Bull akademiet

Kontakt
Sandvenvegen 50, 5610 Norheimsund
Tlf: 474 79 839
E-post: fartoyvern@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger fartøyvernsenter!
Opningstider
September-april:
Kl 10-14, man-fredag

Mai-august:
Kl 10-17, alle dagar

For grupper:
Ta kontakt for omvisingar o.l.
X