Restaurering

Nytt liv til historiske fartøy

På slippen i den nye skipshallen ved Hardanger fartøyvernsenter står det vanlegvis eit større restaureringsprosjekt. Her kan du sjå skipshandverkarar arbeida med å rekonstruera og restaurera større trefartøy. Det kan vera skifting av hudplank, legging av nytt tredekk eller arbeid med ny rigg. Oppgåvene er mange og restaureringa krev spesialkompetanse. Innsatsen gjev slitne, men samstundes stolte fartøy, nytt liv!

 

Kompetansesenter og verft
HFS har lang erfaring med restaurering av fartøy og båtar, innreiing av stålfartøy, rigging og smiing. Arbeidet skjer i nært samarbeid med eigarane. Som båt- eller fartøyeigar kan ein òg få hjelp med faglege spørsmål som til dømes tilstandsvurdering, kostnadsoverslag, vedlikehald.
Fartøyvernet er i stadig utvikling. Som kompetansesenter og verft ønskjer me å bidra til høgt kulturvernfagleg nivå, i samråd med Riksantikvaren sine retningslinjer og planar.
Vern og bruk av gamle fartøy handlar om å ta vare på materielle leivningar frå fortida. Men det er òg ein skule i å ta vare på gamle kunnskapar og dugleikar. Sidan dei fleste fartøy er i ein eller annan form for drift er det også eit spørsmål om tryggleik på sjøen.


Historiske handverkstradisjonar

Mellom 15 og 20 handverkarar er fordelte på fag som trebåtbyggjar, skipstømrar, skipssmed, innreiingssnikkar, riggar og reipslagar. I tillegg er det plass til fire lærlingar.
Eit viktig mål er vidareføra handverkskunnskap i eit langsiktig perspektiv. Ved HFS er det skapt eit miljø der denne kunnskapen kan leva vidare.


Du som fartøyeigar kan få utført oppdrag innan:

• Restaurering
• Båtbygging
• Trearbeid
• Smed- og mekanisk arbeid
• Reipslaging
• Rigging
• Synfaring og tilstandsvurdering
• Prosjektering
• Konsulentoppdrag
• Kurs i vedlikehald og ulike handverk
• Historisk og teknisk dokumentasjon

Verftsformann er Ivar Hoflandsdal.

Kontakt
Sandvenvegen 50, 5610 Norheimsund
Tlf: 474 79 839
E-post: fartoyvern@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger fartøyvernsenter!
Opningstider
September-april:
Kl 10-14, man-fredag

Mai-august:
Kl 10-17, alle dagar

For grupper:
Ta kontakt for omvisingar o.l.
X