M/F Folgefonn

Det har alltid vore ei spesiell stemning knytt til det å venta på ferja.
Folgefonn som klubbhus på Themsen.
Folgefonn under slep til Hardanger fartøyvernsenter, etter først å ha blitt frakta frå England til Noreg på ein lekter og deretter gjort flytedyktig ved mellombelse reparasjonar i skroget.

Første bilferja i Hardanger

Har du vore ombord i den sjelfulle bilferja M/F Folgefonn enno? Ferja er eigd av Hardanger og Voss museum og skal etterkvart liggja ved kai hos oss i Norheimsund igjen. Etter dagens planar reknar ein med at ferja kjem tilbake til HFS ein gong i 2022. Dersom alt går som planlagt skal det freda fartøyet vera ferdig restaurert i 2024.

Folgefonn ligg no i dokka hos Bredalsholmen dokk- og fartøyvernsenter i Kristiansand. Der skal alt av stålarbeid utførast: Alt frå demontering og sandblåsing, til reparasjonar og utbetringar i skroget.

Maskina er til restaurering hos Norsk Veteranmotor AS.


Historie

Bilferja Folgefonn vart bygd på Bergens Mekaniske Verksteder vinteren 1937-38. Fartøyet var Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) si første spesialbygde bilferje. Ho kunne ta 20 bilar og var den største ferja i landet då ho vart sett inn i trafikk mellom Ålvik og Kinsarvik.

I 1979 var Folgefonn si tid i HSD over. Etter 40 år i selskapet si teneste vart ferja selt til investorar i England. Det gjekk rykter om at ho skulle brukast som nattklubb, men ferja enda opp med å tena som klubbhus for eit båtlag utanfor London.

Hardanger og Voss museum kjøpte seinare ferja, og i 2010 vart ho slept nedover Themsen og sett ombord i ein lektar. Slik kom M/F Folgefonn heim til Hardangerfjorden att – og no skal ho altså setjast i stand som kulturminne.


Spesifikasjonar

Kapasitet: 20 bilar, 300 personar
Lengd: 119,7 fot
Breidd: 26, 6 fot
Bruttoregistertonn: 197
Maskin, frå 1938: Wichmann 4-sylindrar semidiesel, 300 BHK
Maskin, frå 1965: Wichmann 2 T 4-sylindrar dieselmaskin, 400 BHK

Kontakt

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Tlf: 474 79 839

E-post: fartoyvern@hvm.museum.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt for info om kva som skjer ved Hardanger og Voss museum!

Opningstider

September-april:
Kl 10-14, tys-fredag

Mai-august:
Kl 10-17, alle dagar

For grupper:
Ta kontakt for omvisingar o.l.

Contact

Adr: Sandvenvegen 50, Norheimsund

Tel: +47 474 79 839

E-mail: fartoyvern@hvm.museum.no

Newsletter

Subscribe to our newsletter featuring news about the museum, exhibitions, activities and more

Opening hours

September–April:
10 AM–2 PM, Monday–Friday

May–August:
10 AM–5 PM, all days

Groups:
Contact us for guided tours

X