Arrangementstype - underkategori Vis på framsida av HVM
jan.
lau21jan18:00Avlyst: Ensemble Eon18:00

Om arr.
Mara Haugen, fiolin Morten Norheim, saksofonar Martha Berit Belt, piano Ved hjelp av litt alkymi og eit umedvite sinn kan ein befinna seg mellom ei verkeleg verd og ein alternativ realitet. Med fantasifull
Om arr.
Mara Haugen, fiolin
Morten Norheim, saksofonar
Martha Berit Belt, piano
Ved hjelp av litt alkymi og eit umedvite sinn kan ein befinna seg mellom ei verkeleg verd og ein alternativ realitet.
Med fantasifull leik mellom instrumenta formidlar Ensemble Eon eit nytt og spesialskrive verk for trioen av Marcus Paus.
Stykket er inspirert av maleri av den surrealistiske spansk-meksikanske kunstnaren Remedios Varo. Transformerande ensembler inni ensemblet, berika med augneblinkar kor kvart instrument vert gjort om til solist, omskapar den tradisjonelle kammermusikken og drar lyttaren inn i ei illusorisk verd.
Publikum vil og få oppleva nyskrivne komposisjonar av dei bergensbaserte komponistane Emiliano Orz og Francisco Corthey, samt verk av norske Sverre Indris Joner og Marius Neset.
Musikken spenner vidt med energifylte rytmar, dansande samspel og lyriske melodiar, som tidvis utforskar eit meir moderne og eksperimentelt uttrykk.
Tid
(Laurdag) 18:00
lau28jan14:00UtstillingsopningMarhaug & Longva / Stenseth14:00

Om arr.
Velkomen til utstillingsopning i Kabuso laurdag 28. januar kl 14! I utstillingssalen opnar hovudutstillinga Røynd og kjensle ved Rita Marhaug og Terese Longva. I foajéen kan du oppleva Av Helene av
Om arr.
Velkomen til utstillingsopning i Kabuso laurdag 28. januar kl 14!
I utstillingssalen opnar hovudutstillinga Røynd og kjensle ved Rita Marhaug og Terese Longva. I foajéen kan du oppleva Av Helene av Anne-Lise Stenseth.
Kl 14.45: Kunstnarsamtale med dei tre kunstnarane
Filmvisning i konsertsalen kl 14.10 / 14.45 / 15.20: Veggar som kviskrar av Anne-Lise Stenseth. Varigheit: 33 min.
Open kafé med lunsjrettar og kaffimat
Les meir på kunstnarane sine nettsider:
>>> Rita Marhaug
>>> Terese Longva
>>> Anne-Lise Stenseth
Tid
(Laurdag) 14:00
Sjå hending på Facebook
>>> Sjekk utlau28jan21:00Marthe Valle21:00

Om arr.
Laurdag 28. januar kl 21 byr Kabuso inn til ein finfin kveld i musikalt lag med Marthe Valle Marthe Valle er ein Bergens-basert artist og låtskrivar, opprinneleg frå Harstad. Med
Om arr.
Laurdag 28. januar kl 21 byr Kabuso inn til ein finfin kveld i musikalt lag med Marthe Valle
Marthe Valle er ein Bergens-basert artist og låtskrivar, opprinneleg frå Harstad. Med si unike stemme og jordnære tekstar om universelle spørsmå og utfordringar, har ho sidan starteni 2004 fått eit trofast publikum. Ho har så langt hatt ei mangefasettert karriere, med utgjevingar på både norsk og engelsk, og som bidragsytar på mange ulike prosjekt og innspelingar.
Valle er også ein ein samfunnsengasjert artist som ofte brukar musikken til å formidla sitt engasjement, både gjennom tekstar og samarbeid med organisasjonar som Norsk folkehjelp, Kirken bymisjon og Dråpen i havet.
Med debutalbumet Bag of Candy (2005) vann ho sin første Spellemannspris, og følgde opp med Foverver Candid i 2008. Med albumet Fann fram i 2014 gjekk Valle over til å synga på dialekt. Både dette albumet og oppfølgaren Alt kan ikke sies (2017) gav henne brei radiostøtte med fleire A-lista låtar på NRK P1.
RO/URO frå 2018 var eit konseptalbum som opphavleg vart skrive og framført som bestillingsverk for Festspillene i Nord-Norge. Tematisk utforskar det spørsmåla kring menneskets tilstand i dagens samfunn og korleis den travle livsstilen mange lever med, stadig distanserar oss frå dei viktige verdiane i forholda våre til andre menneske og den indre balansen. Frå albumet tilbakestilling har me det siste året knytt oss til singlane Pilar, Favn om og Vi lar det gå.
Tid
(Laurdag) 21:00
Tickets
>>> KJøpfeb.
tors02feb11:00tors15:00GratistorsdagGratis inngang i utstillingane11:00 - 15:00

Om arr.
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett.Aktuelle utstillingar i februar 2023: Rita Marhaug og Terese Longva Hardanger Skyspace
Om arr.
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett.
Aktuelle utstillingar i februar 2023:
Rita Marhaug og Terese Longva
Hardanger Skyspace (utan lysprogram – eigne tider/billett for dette)
Ingebrigt Vik museum
Tid
(Torsdag) 11:00 - 15:00
fre03feb19:30Konsert og dansAlexander Aga Røynstrand og Geir Marius Thorud19:30

Om arr.
Alexander Aga Røynstrand og Geir Marius Thorud har konsert på Hardanger folkemuseum fredag 3. februar kl 19.30. Etter konserten spelar dei til dans.Geir Marius Thorud er ein aktiv folkemusikar frå
Om arr.
Alexander Aga Røynstrand og Geir Marius Thorud har konsert på Hardanger folkemuseum fredag 3. februar kl 19.30. Etter konserten spelar dei til dans.
Geir Marius Thorud er ein aktiv folkemusikar frå Sel i Gudbrandsdalen. Han trakterar fleire instrument, men er mest kjent som spelemann på trekkspel og durspel. Thorud har vore spelemann i over 20 år og har spelt mykje til dans både på festivalar, treff og andre lag. I tillegg til å vera ein dreven dansespelmann har Thorud eit stort repertoar innan folkemusikk som er egna til konsert. Han har i tillegg til å setja opp fleire eigne konsertprosjekt vore med andre musikarar på utallige konsertar og forestillingar gjennom åra. Geir Marius Thorud trakterar, forutan den heimlege musikken frå Gudbrandsdalen, musikk frå både vestlandet, Trøndelag, Nordøsterdalen- og Røros, Jämtland og Härjedalen, Dalarna og omegn, Finnskogen, samt finare flatbygdsmusikk frå austlandet.
Alexander Aga Røynstrand spelar hardingfele og kjem frå Granvin i Hardanger. Han har spelt hardingfele i 25 år og spelar i hovudsak tradisjonsmusikk frå Hardanger. Han har gjennom mange år spela til dans, underhaldt i ulike lag og spelt ei rekkje konsertar, både solo og saman med andre musikarar. Elles er han også aktiv som kappleiksdeltakar.
Saman vonar Geir Marius og Alexander å visa dei ulike kvalitetane og syna historia til runddansmusikken både på scena, i festlege lag og til dans. På Hardanger folkemuseum vert det fyrst konsert kl 19.30 og deretter dans fram til kl 22.30.
Hjarteleg velkomne alle!
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Tid
(Fredag) 19:30
Sjå hending på Facebook
Sjekk ut!Tickets
Bilettsalfre10feb20:00Mats Eilertsen trioMelodiøs jazz20:00

Om arr.
Unn deg ein fredagskveld med Mats Eilertsen trio! Fredag 10. februar kl 20 kan du lata deg omfamna av gode melodiøse jazzvibbar frå denne framifrå trioen.Mats Eilertsen, bass Harmen Fraanje, piano (NL)
Om arr.
Unn deg ein fredagskveld med Mats Eilertsen trio!
Fredag 10. februar kl 20 kan du lata deg omfamna av gode melodiøse jazzvibbar frå denne framifrå trioen.
Mats Eilertsen, bass
Harmen Fraanje, piano (NL)
Thomas Strønen, trommer
Foto: CF Wesenberg
Tid
(Fredag) 20:00
Tickets
>>> KJøp billettsun12feb18:00Karnevalskonsertmed kulturskulen18:00

Om arr.
Ullensvang kulturskule har konsert på Hardanger folkemuseum sundag 12. februar kl 18Store og små frå kulturskulen i Ullensvang kjem til museet og har karnevalskonsert! Her kan ein gle seg
Om arr.
Ullensvang kulturskule har konsert på Hardanger folkemuseum sundag 12. februar kl 18
Store og små frå kulturskulen i Ullensvang kjem til museet og har karnevalskonsert! Her kan ein gle seg til mykje moro og flotte musikalske innslag frå scena.
Kafeen på museet er ope, me serverer kjøttkakemiddag og gode deserter.
Hjarteleg velkomne alle!
Bill 100,- kan kjøpast i døra. Born under skulealder går gratis.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd. Denne konserten er arrangert i samarbeid med Ullensvang kulturskule.
Tid
(Sundag) 18:00
Sjå hending på Facebook
Sjekk ut!Tickets
Bilettsaltors16feb(feb 16)18:00tors23(feb 23)21:00Flette matte av tauKURS18:00 - 21:00 (23)

Om arr.
Lær å lage ei matte av tau i naturfiber - torsdagane 16. og 23. feb. kl 18-21 INSTRUKTØR: Ingunn UndrumPRIS: 400,- + materialutg.STAD: Hardanger fartøyvernsenter, NorheimsundSPØRSMÅL & PÅMELDING: fartoyvern@hvm.museum.no
Om arr.
Lær å lage ei matte av tau i naturfiber – torsdagane 16. og 23. feb. kl 18-21
INSTRUKTØR: Ingunn Undrum
PRIS: 400,- + materialutg.
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: fartoyvern@hvm.museum.no / 474 79 839
Tid
16 (Torsdag) 18:00 - 23 (Torsdag) 21:00

Om arr.
Lær å laga dei vakraste kniplingar med gulltråd Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset
Om arr.
Lær å laga dei vakraste kniplingar med gulltråd
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å laga kniplingar av gulltråd.
Kniplingar i gull og sylv er mykje nytta på gamle bringklutar i Hardanger, og lagar ein fin overgang mellom hovudmotivet på bringkluten og bandkanten øvst. Dei kan og nyttast på barnehuver og andre små delar til bunaden. Nokre stader, td. Os og Fusa nyttar ein gull- og sylvkniplingar på bunadslivet. På Voss kan gifte kvinner ha sylvknipling på stakken.
Kniplingar er ikkje så vanskelege å få til, særleg ikkje under kyndig rettleiing frå kurslærar Åse Bratland. Ho har med alt utstyr og materiell som ein treng.
Tidspunkt og påmelding
Kurset går fredag 17. – sundag 19. februar på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17 kvar dag.
Påmelding innan 15. januar 2023 til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
Prisar
4200,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
4700,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å laga.
Overnatting
Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no
Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Tid
17 (Fredag) 09:30 - 19 (Sundag) 17:00
Tickets
post@hvm.museum.no
lau18feb13:00KakaokonsertUnge talent13:00

Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 18. februar kl 13!Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for å la deg
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 18. februar kl 13!
Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Billettar: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00
Tickets
>>> KJøp
Om arr.
Sy din eigen bringklut Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra
Om arr.
Sy din eigen bringklut
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å sy Holmabringklut eller hjartebringklut. Ein kan og sy andre bringklutar på raudt klede, t.d. med perlenett eller med stor åttebladrose. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre.
Holmabringkluten har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.
Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.
Andre bringklutar med perler sydd på raudt ullstoff har ofte ein stor åttebladrose i midten, og to halve åttebladroser på kvar side.
Perlenett kan ein tre med ei eller to nåler. Nettet vert sidan montert på raudt ullklede.
Tidspunkt og påmelding
Museet og husflidslaget sett opp to bringklut-helgekurs i 2023, med Agnete Sivertsen som kurslærar.
Det eine kurset vert om våren, fredag 24. til sundag 26. februar på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag. Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 1. februar 2023
Det andre kurset vert om hausten, fredag 29. september til sundag 1. oktober, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag. Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 1. september 2023
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
Prisar
4200,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
4700,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar. Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.
NB! Kurset er utvida til tre dagar, fredag til sundag, slik at ein skal koma lengst mogleg med bringkluten. Om ein berre kan vera med to dagar er det også mogleg. Ta kontakt, så finn me ut av det.
Overnatting
Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no
Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Andre kurs finn du her
Tid
24 (Fredag) 09:30 - 26 (Sundag) 17:00
mars
ons01mar18:00ØKLAND & APELAND18:00

Om arr.
NILS ØKLAND fiolin, hardingfele SIGBJØRN APELAND trøorgelNils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av
Om arr.
NILS ØKLAND fiolin, hardingfele
SIGBJØRN APELAND trøorgel
Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av musikken sjølv, frå vakre melodiske balladar og atmosfæriske eksperiment, til mørkare lydbilete. Han har vore solist med ulike orkester og ensemble i mange europeiske land, og hatt fleire turnear for Rikskonsertane, i det meir jazzrelaterte er 1982 og samarbeid med Arve Henriksen det mest kjende.
Kyrkjeorganist og etnomusikologdoktor Sigbjørn Apeland har sitt daglege virke ved Griegakademiet, og har medverka på nær 60 plater, frå Jørgen Sandvik og Tom Roger Aadland, via Sondre Bratland og Berit Opheim til 1982 og Alog. Saman skapar dei lågmælt og vedunderleg musikk i tussmørkret mellom religiøs musikk, folketonar og improvisasjon.
Tid
(Onsdag) 18:00
Tickets
>>> KJØPtors02mar11:00tors15:00GratistorsdagGratis inngang i utstillingane11:00 - 15:00

Om arr.
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett.Aktuelle utstillingar i mars 2023: Rita Marhaug og Terese Longva Hardanger Skyspace
Om arr.
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett.
Aktuelle utstillingar i mars 2023:
Rita Marhaug og Terese Longva
Hardanger Skyspace (utan lysprogram – eigne tider/billett for dette)
Ingebrigt Vik museum
Tid
(Torsdag) 11:00 - 15:00
sun05mar14:00Foredrag Opplut og belteKristin Gulbrandsen og Mikkel Tin14:00

Om arr.
Sundag 5. mars kl 14 inviterer Hardanger folkemuseum til to spennande foredrag knytt til utstillinga Opplut og belte. Etter foredraga vert det omvising i utstillinga. Museet og kafeen er ope
Om arr.
Sundag 5. mars kl 14 inviterer Hardanger folkemuseum til to spennande foredrag knytt til utstillinga Opplut og belte. Etter foredraga vert det omvising i utstillinga. Museet og kafeen er ope frå 13 – 18.
Handel og tekstile varer
Dei norske folkedraktene utgjer eit stort og variert materiale. Feltarbeid og registrering av gamle plagg gjev oss stadig ny kunnskap. Materialane som er brukt i plagga vi finn, kan fortelja oss noko om forholdet mellom heimeproduksjon og handelsvarer. Materialkvalitetar kan også fortelja oss mykje om kva tidsrom eit plagg har vore i bruk.
Kristin Gulbrandsen arbeider som fagkonsulent ved Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt. Ho arbeider særleg med rekonstruksjon, der bindingslære og materialkunnskap er viktig, for å kunne tolke det gamle materialet på ein god måte.
Draktbeltet: meir enn ei praktisk sak
Beltet har ein utvilsam praktisk funksjon – men og ein estetisk og ein symbolsk funksjon. Det gjeld særleg beltet sin symbolikk: Når me spenner beltet kring livet, deler me oss i ein respektabel øvre del og ein farlig nedre del. Beltet hjelper oss til å samla oss og kontrollera oss; men før eller sidan opnar me det og gjer slepp. Beltet er ei form og ei norm som høyrer kulturen til; utan belte er det naturen som rår. Brurebeltet er eit kunstferdig tjor som viser at brura er ærbar og kan og vil tygla sine drifter; men ved nærare ettersyn ser ein at utsmykkinga på belte hennar samtidig signaliserer ein mogligheit og ein villigheit til det som på sjølve bryllaupsnatta skal sikra garden fruktbarheit og avkom.
Mikkel B. Tin har doktorgrad i filosofi og har vore professor ved Universitetet i Sørøst-Norge, først i tradisjonskunst, sidan i kulturfilosofi. Han har gitt ut fleire bøker om folkekunst og kulturhistorie, mellom anna De første formene – Folkekunstens abstrakte formspråk og Spilleregler og spillerom – tradisjonens estetikk. Som sjefskonservator ved Drammens Museum 2018-2021 kuraterte han den faste utstillinga «Hverdagshest og høytidshest» og utgav samtidig boken Kapitler av hestens kulturhistorie.
Dette vert siste dag med utstillinga Opplut og belte. Museet har og ope i kafeen der me byr på både betasup og kaker.
Billettar 180/200,-
Foto: Silje Solvi
Tid
(Sundag) 14:00
Sjå hending på Facebook
Sjekk ut!Tickets
Billettarsun05mar18:00Time Is A Blind GuideMelodiøs jazz18:00

Om arr.
Thomas Strønen og Time Is a Blind Guide vender tilbake til Kabuso for å gje deg nye gode jazzopplevingar - søndag 5. mars kl 18!Thomas Strønen – trommer/komposisjon Ayumi Tanaka –
Om arr.
Thomas Strønen og Time Is a Blind Guide vender tilbake til Kabuso for å gje deg nye gode jazzopplevingar – søndag 5. mars kl 18!
Thomas Strønen – trommer/komposisjon
Ayumi Tanaka – piano
Håkon Aase – fiolin
Leo Svensson Sander – cello
Ole Morten Vågan – bass
Trommeslagar og komponist Thomas Strønen rekrutterte eit stjernelag til prosjektet ”Time is a blind guide”, ein bukett nye komposisjonar fremført av eit spanande ensemble med strykarar, piano og ein oppegåande rytmeseksjon.
Sjølv sier Strønen om prosjektet:
”Besetningen har en instrumentering som bærer preg av at jeg ønsker flere ensembler i ett. Musikken er melodisk og «tid» er et essensielt begrep også rent kompositorisk, både i form av utfordrende rytmikk, men også i det underliggende, med mye luft i komponeringen. Min musikalske oppvekst har vært mangfoldig, med ECM estetikk så vel som klassisk og elektronisk- og impromusikk; med dette prosjektet prøver jeg å samle mange endetråder.”
Strønen sin idé om ensemblemøter; eit strykarensemble, eit perkusjonsensemble og ein pianotrio er utgangspunktet for den uttrykksfulle musikken me møter denne kvelden, drive fram av handplukka musikarar frå begge sider av Nordsjøen.
Tid
(Sundag) 18:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Tickets
>>> KJøp
Om arr.
Kurs i restaurering av vindauge Hardanger folkemuseum arrangerer kurs i restaurering av vindauge, tysdagar i mars 2023.Ein vel sjølv om ein vil restaurera vindauge med blysprosser eller tresprosser. Ta gjerne med
Om arr.
Kurs i restaurering av vindauge
Hardanger folkemuseum arrangerer kurs i restaurering av vindauge, tysdagar i mars 2023.
Ein vel sjølv om ein vil restaurera vindauge med blysprosser eller tresprosser. Ta gjerne med eigne vindauge om du har, elles har museet vindauge ein kan jobba med. Ta gjerne også med tommestokk, blyant, kniv, hoggjern og fintanna sag om du har det. Me har glas, kitt, linoljemåling og virke til spunsing.
Kurslærar er Gunnar Kjerland. Han er tidlegare handverkar på Hardanger folkemuseum, og har lang og spesialisert erfaring med restaurering av vindauge.
Tidspunkt, stad og påmelding
Kurset går kvar tysdag i mars, frå kl 18 – 21. Oppstart tysdag 7. mars kl 18.
Påmelding til post@hvm.museum.no / tlf 474 79 884 innan 15. februar
Kurset vert i skulekjellaren i museumstunet, i den gamle skulestovo frå Djønne.
Pris
1600,- for heile kurset
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter forbruk.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Anne Lise Brask Eriksen, tlf 99 29 65 08, anne.lise.brask.eriksen@hvm.museum.no
Andre kurs finn du her
Tid
7 (Tysdag) 18:00 - 28 (Tysdag) 21:00
tors09mar(mar 9)18:00tors23(mar 23)21:00Snikre ein krakkKURS18:00 - 21:00 (23)

Om arr.
Torsdagane 9., 16., 23. mars kl.18-21 Lær å lage ein liten stol, med enkle vertøy og teknikkar, over 3 kveldar. INSTRUKTØR: Arne EriksenPRIS: 900,- + materialutg.STAD: Hardanger fartøyvernsenter, NorheimsundSPØRSMÅL &
Om arr.
Torsdagane 9., 16., 23. mars kl.18-21
Lær å lage ein liten stol, med enkle vertøy og teknikkar, over 3 kveldar.
INSTRUKTØR: Arne Eriksen
PRIS: 900,- + materialutg.
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: fartoyvern@hvm.museum.no / 474 79 839
Tid
9 (Torsdag) 18:00 - 23 (Torsdag) 21:00
tors09mar20:00Utseld: Ingebjørg Bratland trioPop20:00

Om arr.
Ingebjørg Bratland har lenge stått på ønskelista for konsertar i Kabuso, og torsdag 9. mars kl 20.00 (merk ny dato/tidspunkt!) kan du endeleg oppleva henne live i konsertsalen vår! Ingebjørg Bratland
Om arr.
Ingebjørg Bratland har lenge stått på ønskelista for konsertar i Kabuso, og torsdag 9. mars kl 20.00 (merk ny dato/tidspunkt!) kan du endeleg oppleva henne live i konsertsalen vår!
Ingebjørg Bratland er knapt fylt 30 år, men ho er allereie godt kjend for si vakre songstemme og eineståande formidlingsevne.
Karriera hennar starta i ung alder i folkemusikkmiljøet. Sidan orientert seg meir mot popverda og låtane hennar har fått eit umiskjenneleg Bratlandsk særpreg.
Ingebjørg har dei seinare åra vore særs aktiv på konsertfronten og har turnert med prosjekt som albuma Månesinn (2015), Hjarteskjell (2017), Papirfly (2020) i tillegg til fleire juleprosjekt.
Ingebjørg er nysgjerrig og oppsøkande i musikkvala sine. Det viser godt igjen i hennar mest kjende låtar, som er ei blanding av hennar eigne og tolkingar av andre sine låtar. Med songar som m.a. Jul i Svingen, Ingen som du, På avstand, Fordi eg elskar deg, Ljos, Stjernene med Lars Vaular, Vintersong, Bror og Di Ingebjørg har ho bora seg inn i den norske folkesjela. Live er ho ein fabelaktig formidlar og ein konsert med Ingebjørg byr alltid på nydelege låtar ispedd lune anekdotar.
Tid
(Torsdag) 20:00
Tickets
>>> KJøplau11mar14:00Påskemåne ØnskesolFamilieførestilling14:00

Om arr.
Ta gjengen din med på familieførestillinga kalla Påskemåne Ønskesol - basert på ei bok av Jo Tenfjord og Harald Nordberg laurdag 11. mars kl 14! Den som får sjå sola
Om arr.
Ta gjengen din med på familieførestillinga kalla Påskemåne Ønskesol – basert på ei bok av Jo Tenfjord og Harald Nordberg laurdag 11. mars kl 14!
Den som får sjå sola danse på påskemorgonen kan ynskje seg noko!
Påskemåe Ønskesol er ei leken og vakker førestilling for barn frå 4-10 år og familiane deira. Sysken, foreldre og ikkje minst besteforeldre er varmt velkomne.
Langt nord i Svartdalen bur Vesle-Live og pappa. Oldemor Gammel-Live bur i kårstova ute på tunet. Men ein dag skjer det noko, og Vesle-Live får eit viktig oppdrag.
Thea Borring Lande fortel og spelar Vesle-Live, medan Jo Berger Myhre toneset førestillinga. Med enkle verkemidlar av høg kvalitet fortel dei ei stor, lita historie, ramma inn av års- og livssyklusane til livet og naturen, på borna sine premissar. Marte Magnusdotter Solem har regissert førestillinga med eit klokt blikk – med mykje glimt i auga og kjærleik til menneska.
Om utøvarane:
Skodespelar Thea Borring Lande har spelt store roller på fleire av dei største scenane i landet, men det ho elskar aller mest, er å spela i små rom med akkurat passe mange menneske i. For her møtest me på ordentleg! Ho brenn for å gje publikum gode teateropplevingar med plass til både latter og kanskje ei lita tåre i augekroken.
Bassist og komponist Jo Berger Myhre har i årevis spelt i band med store artistar innan både popmusikk og jazz, som Frida Ånnevik, Nils Petter Molvær og Ingrid Olava.
Som teatermusikar fyller han rommet og forteljinga med klangar og melodiar som får oss til å lytte endå betre.
Medverkande:
Thea Borring Lande – skodespelar, kunstnerisk leiar
Jo Berger Myhre – musikar på scenen, komponist
Marte Magnusdotter Solem – regi
Anngjerd Rustand – scenografi
Hedda Simonsen Lund – kostymedesign
Sigrid Edvardsson – koreografi
Gunnbjørg Johannessen – produsent
Lone Klein – inspisient
Akin Duzakin – Illustrasjon
Marte Vold – foto/video
Førestillinga er støtta av:
Norsk kulturfond, Spenn.no, Fond for lyd og bilde, Det norske komponistfond, Fond for utøvende kunstnere, Kloden Teater, Bergesenstiftelsen og Nesodden kommune.
Tid
(Laurdag) 14:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Tickets
>>> KJøplau18mar20:00Inger Nordvik trio20:00

Om arr.
«Det er sjeldan å høyre debutalbum som er så overtydande» - DeutschlandfunkInger Nordvik er ein norsk songar og komponist med eit musikalsk univers forma av den klassiske bakgrunnen hennar, røter
Om arr.
«Det er sjeldan å høyre debutalbum som er så overtydande» – Deutschlandfunk
Inger Nordvik er ein norsk songar og komponist med eit musikalsk univers forma av den klassiske bakgrunnen hennar, røter i norsk folkemusikk men også av omgjevnadane hennar som veks opp i den ville naturen i nord. Samanlikna allereie med slike som Joni Mitchell og Kate Bush, har det blitt sagt at musikken hennar har ein tendens til å unngå perfeksjon på ein fengande måte, og trassar enkel kategorisering når den vert utvida til pop, nordisk folk og jazz.
Inger vart fødd i Harstad og byrja å spele piano i ein alder av seks år. Lidenskapen hennar for musikk inspirerte ho seinare til å ta utdanning i klassisk song, og i ein alder av 19 gjekk ho på det anerkjende Barratt Due musikkinstitutt i Oslo. Men den intuitive musikkforståinga hennar samt interessa for pop, soul og jazz, førde ho attende til der det heile starta, framfor pianoet, der ho improviserte fram melodiar.
Etter å ha fullført musikkstudia, byrja Inger å eksperimentere med låtskriving. Ho starta etter kvart eit samarbeid med to jazzmusikarar som opna ei dør til ei heilt ny verd av kreativitet, og dynamikk i skriveprosessen så vel som den interaktive forbetringa i livesettet hennar. Debutalbumet «Time» utgitt 7. februar 2020 har ein unik og godt lagd lyd, som utnyttar akustikken til århundregamle kyrkje for innspelinga. Hun handplukka ei blanding av strykarar, små kor og jazzmusikarar for å skape ei organisk og varm touch som er signaturlyden til musikken hennar.
Anten det er solo eller akkompagnert av musikarar, tek Inger seg alltid tid til å skreddersy dei fine detaljane i komposisjonane og framføringane, og ser dei vekse og sakte få eit eige liv. Mjuk og intim i augneblikka og stormfull og kaotisk i andre, musikken søkjer sine røter. Som vatn som strøymer til kilda, er den søte og krystallklare stemma et fyrtårn i et hav av ord.
Tid
(Laurdag) 20:00
Tickets
>>> KJØPmån20mar17:30SkautedagØv og prøv!17:30

Om arr.
Vil du læra korleis ein sett på seg skaut til hardangerbunaden? Eller få sjekka om skautet du har liggande framleis er brukanes? Alle som er interessert i bunadsskautet er hjarteleg
Om arr.
Vil du læra korleis ein sett på seg skaut til hardangerbunaden? Eller få sjekka om skautet du har liggande framleis er brukanes? Alle som er interessert i bunadsskautet er hjarteleg velkomne på Hardanger folkemuseum måndag 20. mars kl 17.30 til ein uhøgtidleg skautedag der me testar skaut og øver på skauting.
Skautet kan vera litt komplisert å få fint på, men med litt øving kan ein få det til. Eller ein kan hjelpa kvarandre, då det ofte er lettare å skauta andre enn seg sjølv. Me lærer bort dei gode tipsa, frå dei som kan det.
Mange har kanskje skaut liggande heime, og er usikre på om dei framleis kan nyttast. Ta dei med på museet, og så testar me dei! Har du ein valk som ikkje kjennast god ut? Ta den med, og så finn me ut korleis den kan tilpassast. Eg god valk skal ikkje vera vond å ha på seg. Treng du ny valk, kan me hjelpa med det også.
Det er Folgefonn husflidslag, Bu og Ringøy bygdekvinnelag og Hardanger folkemuseum som inviterer til skautedag på museet. Me jobbar for å vidareføra kunnskapen om korleis ein feller/lagar bunadsskautet, slik at det framleis skal vera råd å få tak i nye bunadsskaut, eller få felt opp att gamle skaut som har gulna eller fått seg ein knekk. Me håpar og at fleire har lyst å nytta skaut til bunaden sin, og vil bidra til at fleire anten kan skauta seg sjølv eller hjelpa andre med skautinga.
Gratis inngang!
Foto: Laila Duran
Tid
(Måndag) 17:30
Sjå hending på Facebook
Sjekk ut!april
lau22apr13:00KakaokonsertUnge talent13:00

Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 22. april kl 13!Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for å la deg
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 22. april kl 13!
Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00
Tickets
>>> KJøp
Om arr.
Martin Myhre Olsen - saksofon Kjetil Mulelid - piano Bárður Reinert Poulsen - kontrabass Simon Olderskog Albertsen - trommerLovorda haglar over Wako og under konserten i Kabuso sundag 23.
Om arr.
Martin Myhre Olsen – saksofon
Kjetil Mulelid – piano
Bárður Reinert Poulsen – kontrabass
Simon Olderskog Albertsen – trommer
Lovorda haglar over Wako og under konserten i Kabuso sundag 23. april kan du sjekka ut den lovpriste jazzkvartetten.
Med fem album og eit hundretals liveopptredenar i ryggen, spelar Wako med ein autoritet og personlegdom som plasserar dei i fortroppen av nordisk jazz.
Wako er ein av dei mest dynamiske og innovative gruppene på dagens jazzscene, og har bygd ei solid fanskare og hausta heider frå kritikarar nært og fjernt.
I følge ein kritikar i All about jazz (US) er Wako «eit norsk jazzkollektiv med ein verkeleg kollektivt sound».
Wako har teke sin stadig utvikla musikalitet og kreativitet med rundt Europa, og gjengjeve musikken sin live både saman med strykarane i Oslo Strings og saman med blant anna trompetvirtuos Arve Henriksen.
Musikkens omfang er alltid nøye justert til publikum, miljø og musikalsk materiale. Det betyr at konsertane ikkje berre er superlative, men og unike opplevingar.
Kort fortalt er Wako ei av dei mest imponerande unge livegruppene i dag og vel verd ein live lytt
Tid
(Sundag) 18:00
Tickets
>>> KJøpmai
fre05mai(mai 5)00:00sun07(mai 7)00:00Lær å smiKURS00:00 - 00:00 (7)

Om arr.
Helga 5.-7. mai Populært smikurs for nybyrjararINSTRUKTØR: Lars Ystanes PRIS: 5600.- STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund SPØRSMÅL & PÅMELDING: fartoyvern@hvm.museum.no / 474 79 839 >>> Sjå heile kursprogrammet vårt her: fartoyvern.no/kurs
Om arr.
Helga 5.-7. mai
Populært smikurs for nybyrjarar
INSTRUKTØR: Lars Ystanes
PRIS: 5600.-
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: fartoyvern@hvm.museum.no / 474 79 839
Tid
5 (Fredag) 00:00 - 7 (Sundag) 00:00
fre05mai(mai 5)00:00sun07(mai 7)00:00ÅremakingKURS00:00 - 00:00 (7)

Om arr.
Helga 5.-7. mai Lag dine eigne vestlandsårer! Under rettleiing av båtbyggjaren får ein laga seg eit par årer i furu, og lære både teori og historie på vegen.INSTRUKTØR: Peter Helland-Hansen PRIS:
Om arr.
Helga 5.-7. mai
Lag dine eigne vestlandsårer! Under rettleiing av båtbyggjaren får ein laga seg eit par årer i furu, og lære både teori og historie på vegen.
INSTRUKTØR: Peter Helland-Hansen
PRIS: 6700,-
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: fartoyvern@hvm.museum.no / 474 79 839
Tid
5 (Fredag) 00:00 - 7 (Sundag) 00:00
lau13mai11:00lau17:00Sesongopning11:00 - 17:00

Om arr.
Laurdag 13. mai opnar Agatunet for sesongen! Det vert konsert og opning av sesongens kunstutstilling med tihøyrande program. Detaljar kjem!Fram til 19.6 er tunet ope laurdagar og sundagar 11-17.
Om arr.
Laurdag 13. mai opnar Agatunet for sesongen! Det vert konsert og opning av sesongens kunstutstilling med tihøyrande program. Detaljar kjem!
Fram til 19.6 er tunet ope laurdagar og sundagar 11-17.
Tid
(Laurdag) 11:00 - 17:00
lau13mai13:00lau14:00Utstillingsopning 202313:00 - 14:00

Om arr.
Laurdag 13. mai opnar me sesongens kunstutstilling i Agatunet!Årets kunstnarar er Ingeborg Stana, Astrid Nondal og Synneva Heradstveit.Tradisjonen tru vert det opningsprogram med talar og stas! Meir info om opningsprogrammet
Om arr.
Laurdag 13. mai opnar me sesongens kunstutstilling i Agatunet!
Årets kunstnarar er Ingeborg Stana, Astrid Nondal og Synneva Heradstveit.
Tradisjonen tru vert det opningsprogram med talar og stas! Meir info om opningsprogrammet kjem etterrkvart – hald av dagen og gled deg til ein vakker kunstutstilling!
Måleriet på biletet er «Blå natt» av Ingeborg Stana
Tid
(Laurdag) 13:00 - 14:00
sun14mai18:00Erlend Viken trioFolk18:00

Om arr.
¨Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues¨. - Adresseavisen Lat deg treffa av musikken til Erlend Viken trio i Kabuso, sundag 14.
Om arr.
¨Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues¨. – Adresseavisen
Lat deg treffa av musikken til Erlend Viken trio i Kabuso, sundag 14. mai kl 18!
Erlend Viken – fele og hardingfele
Marius Graff – elgitar og banjo
Sondre Meisfjord – kontr
Hausten 2022 kom trioen med ny plate etter tre års dvale. Albumet er sett saman av tradlåtar frå folkemusikken, men lydbiletet er noko heilt utanom det vanlege:
Med hardingfele, el-gitar og kontrabass presenterer Erlend Viken trio folkemusikk med eit lydbilde basert på norsk tradisjonsmusikk, og med inspirasjon frå improvisasjonsmusikk, rock og ørkenblues. Trioen har gjennom sine energiske liveopptredenar skaffa seg mange fans på tvers av sjangergrensene.
Er du open og klar?
Foto: Sigurd Ytre-Arne
Tid
(Sundag) 18:00
Tickets
>>> KJøplau27mai(mai 27)00:00sun28(mai 28)00:00Lær å segle tradisjonsbåtKURS00:00 - 00:00 (28)

Om arr.
Helga 27.-28. mai Vil du lære å segle med sprisegl? Her får du litt teori, og mykje segling, i åpne tradisjonsbåtar. Me nyttar Hardangerfjorden som læringsarena.PRIS: 2500,- STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund SPØRSMÅL &
Om arr.
Helga 27.-28. mai
Vil du lære å segle med sprisegl? Her får du litt teori, og mykje segling, i åpne tradisjonsbåtar. Me nyttar Hardangerfjorden som læringsarena.
PRIS: 2500,-
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: fartoyvern@hvm.museum.no / 474 79 839
Tid
27 (Laurdag) 00:00 - 28 (Sundag) 00:00