Kunsthuset Kabuso
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Arrangement på denne staden
sept
Om arr.
Kunstnar Janicke Schønning arbeider ute, under open himmel, gjennom alle årstider. Ho har i meir enn ti år
Om arr.
Kunstnar Janicke Schønning arbeider ute, under open himmel, gjennom alle årstider. Ho har i meir enn ti år utforska korleis vær og natur verker på og saman med tusj og vassfarger på papir og lerret, frå sitt utandørs atelier i Nordmarka utanfor Oslo. Naturkreftene samhandlar med dei ulike materiala, blekk, pigment, og gouache på papir og lerret.
Teikningane og maleria blir til i dialog med elementa, ein prosess der ho berre delvis har kontroll. Sniglar har vandra over arka, regnvatn har dansa med tusjen, lauv har visna over teikningane og sopp har sett avtrykk på lerreta. Lerret og papir har trokke til seg vinterslaps og skiftande halvmørke over fjorden, soge inn skarpt vårlys mellom eldgamle eiketre og vatn ausande ned mellom vindkasta.
I arbeidet med utstillinga har Schønning vitja Hardanger fleire gonger, og overgangen frå den tette granskogen i Nordmarka til bratte bakkar og blåskimrande fjord, har verka inn – både på motiv og fargepalett. Til utstillinga i Kabuso har ho arbeidd med vatn og korleis væska set spor.
Opplev utstillinga i perioden 1. juli til 17. september
Tid
Juli 1 (Laurdag) 00:00 - Sept 17 (Sundag) 00:00
Tickets
>>> KJØPfre08sep16:00Bygdapride 202316:00
Om arr.
Bli med på feiring av fargerikt fellesskap i Kvam! Bygdapride 2023 byr på ei rekkje arrangement i Øystese og Norheimsund 4.-9. september. Som tidlegare vil det også vera aktivitet i og kring
Om arr.
Bli med på feiring av fargerikt fellesskap i Kvam!
Bygdapride 2023 byr på ei rekkje arrangement i Øystese og Norheimsund 4.-9. september.
Som tidlegare vil det også vera aktivitet i og kring Kabuso desse dagane. Kom gjerne innom oss fredag 8. og laurdag 9. september for god input og herleg feiring!
Alle arrangement er gratis
Arr: Fargerikt Kvam
Tid
(Fredag) 16:00
Sjå hending på Facebook
>>> Sjekk utlau16sep18:00Marthe Lea band / Ayumi Tanaka trioDobbelkonsert18:00
Om arr.
Hald av 16. september for dobbelkonsert i Kabuso: Marthe Lea band + Ayumi Tanaka trio. Dobbelt so god oppleving! PROGRAM Kl 17: Huset opnar (igjen) Kl 18: Marthe Lea band Kl 19: Ayumi Tanaka trio Marthe
Om arr.
Hald av 16. september for dobbelkonsert i Kabuso: Marthe Lea band + Ayumi Tanaka trio.
Dobbelt so god oppleving!
PROGRAM
Kl 17: Huset opnar (igjen)
Kl 18: Marthe Lea band
Kl 19: Ayumi Tanaka trio
Marthe Lea Band er:
Marthe Lea – saksofon, fløyte, piano, gitar, vokal
Andreas Hoem Røysum – klarinettar
Hans P. Kjorstad – fele, fløyte
Egil Kalman – kontrabass, modulærsynth
Hans Hulbækmo – trommer
Ayumi Tanaka trio er:
Ayumi Tanaka – piano
Christian Meaas Svendsen – bass
Per Oddvar Johansen – trommer
Press Images
Tid
(Laurdag) 18:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Tickets
>>> KJØPfre22sep19:00fre21:30Drink & Draw19:00 - 21:30
Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt i Kabuso, fredag 22. september kl 19-21.30! Vertskap og instruktør: TBA Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatørar like mykje som profesjonelle. Bill kr 100,-
Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt i Kabuso, fredag 22. september kl 19-21.30!
Vertskap og instruktør: TBA
Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatørar like mykje som profesjonelle.
Bill kr 100,- inkl. teiknemateriell
Open kafé/bar
Tid
(Fredag) 19:00 - 21:30
Tickets
>>>Kjøp
lau23sep20:00Erik LukashaugenSkogens visesongar20:00
Om arr.
Opplev Skogens visesongar i Kabuso laurdag 23. september kl 20! Erik Lukashaugen – akustisk gitar, song Tarjei Nysted – fele, nøkkelharpe, mandolin m.m. Erik Lukashaugen fekk gjennombrotet sitt i 2013 med debutalbumet Av
Om arr.
Opplev Skogens visesongar i Kabuso laurdag 23. september kl 20!
Erik Lukashaugen – akustisk gitar, song
Tarjei Nysted – fele, nøkkelharpe, mandolin m.m.
Erik Lukashaugen fekk gjennombrotet sitt i 2013 med debutalbumet Av en sliters memoarer. Albumet inneheld tonesette dikt av tømmerhoggaren Hans Børli. Albumet fekk topp tilbakemeldingar frå kritikarane og Lukashaugen vart tildelt Vidar Sandbeck sin kulturpris Regnbågåbrua.
Hausten 2021 slapp elverumsingen sitt femte album, Det vi rakk, som hausta lovord for både tekstar og musikk.
Den siste tida har artisten komponert ny og eksperimentell musikk som venteleg vil bli framført i Kabuso denne kvelden.
Lukashaugen har sidan starten vore ein av landets mest nytta viseartistar og har spelt meir enn 800 konsertar over heile landet. På scenen har han med seg gitarar og harmonium, samt ein stor porsjon improvisert humor.
Makkeren hans, multiinstrumentalisten Tarjei Nysted, er ei konsertoppleving åleine med sitt store talent og rikhaldige instrumentpark med m.a. nøkkelharpe, fiolin, mandolin, autoharpe pg stroviol.
>>> Nettstaden til Lukashaugen
Tid
(Laurdag) 20:00
Tickets
>>> KJØPokt.
lau07okt(okt 7)00:00lau30des(des 30)00:00Handboren og veggfastUtstilling00:00 - (des. 30) 00:00
Om arr.
Årets siste utstilling har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema. Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Yang Xueting, Tord Torpe og Kristen
Om arr.
Årets siste utstilling har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema.
Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Yang Xueting, Tord Torpe og Kristen Keegan.
Utstillingsopning 7. oktober kl 14
Kan opplevast t.o.m. 30. desember
Tid
Okt. 7 (Laurdag) 00:00 - Des. 30 (Laurdag) 00:00
lau07okt14:00Utstillingsopning14:00
Om arr.
Velkomen til opning av haustens utstilling i Kabuso; laurdag 7. oktober kl 14! Tema er teikning og deltakande kunstnarar er Per Dybvig, Susanna Kajermo, Imi Maufe, Tord Torpe, Kristen Keegan
Om arr.
Velkomen til opning av haustens utstilling i Kabuso; laurdag 7. oktober kl 14!
Tema er teikning og deltakande kunstnarar er Per Dybvig, Susanna Kajermo, Imi Maufe, Tord Torpe, Kristen Keegan og Yang Xueting.
Utstillinga har fått tittelen Frå vegg til hand og kan opplevast fram mot årsskiftet.
Tid
(Laurdag) 14:00
fre20okt19:00Andy Sheppard & Espen Eriksen trioMELANKOLSK OG OPPLØFTANDE19:00
Om arr.
Andy Sheppard - saksofon Espen Eriksen - piano/komposisjon Lars Tormod Jenset - kontrabass Andreas Bye - trommer Bristiske Andy Sheppard er ein av Europas fremste saksofonistar og har hatt stor innflyting på den internasjonale
Om arr.
Andy Sheppard – saksofon
Espen Eriksen – piano/komposisjon
Lars Tormod Jenset – kontrabass
Andreas Bye – trommer
Bristiske Andy Sheppard er ein av Europas fremste saksofonistar og har hatt stor innflyting på den internasjonale jazzscena. I samspel med ein ein av våre aller beste pianotrioar, Espen Eriksen trio, ligg det dermed an til ei framifrå oppleving – i Kabuso fredag 20. oktober kl 19.
Bandet er kjend for melodisk minimalisme, subtile komposisjonar og vakre, lyriske stemningar gjennom fleire strålande album på plateselskapet Rune Grammofon og konserter verda rundt.
For å sitera BBC si melding av trioen si andre plate:
”A wonderfully plaintive jazz record, abandoned to the lost art of melodic minimalism, stripped back and beautifully near bare. No smoke and mirrors, just the graceful chemistry of superb musicians at the top of their game”.
Me ynskjer velkomen til ein konsert med fengslande og lyriske songar – ofte melankolske og oppløftande på same tid
Tid
(Fredag) 19:00
lau21okt16:00Greg NiemczukKlassisk flygelkonsert16:00
Om arr.
Pianist Greg Niemczuk byr på Chopin og Grieg i kammermusikksalen i Kabuso laurdag 21. oktober kl 16: Chopin og Grieg - to musikalske brør PROGRAM: 1. avdeling · Edvard Grieg: Hommage á Chopin op.
Om arr.
Pianist Greg Niemczuk byr på Chopin og Grieg i kammermusikksalen i Kabuso laurdag 21. oktober kl 16:
Chopin og Grieg – to musikalske brør
PROGRAM:
1. avdeling
· Edvard Grieg: Hommage á Chopin op. 73 nr. 5
· Edvard Grieg; Notturno op. 54 nr. 4
· Frédéric Chopin: Nocturne op. 15 nr. 2
· Edvard Grieg;: Sommerfugl op. 43 nr. 1
· Frédéric Chopin: Etyde op. 25 nr. 9 –(Sommerfugl)
· Edvard Grieg: 25 Norske folkedanser og folkesanger op. 17:
Nr. 1 – Springdans Nr. 5 – Jølsring
Nr. 7 – Halling Nr. 18 – Stabbe-låten
· Frédéric Chopin: 5 Mazurkas op. 6: nr. 1, nr. 2, nr. 3, nr. 5
Mazurka op. 56 no.2
· Edvard Grieg;: 4 Norske folkedanser op. 35:
1. Allegro moderato
2. Allegretto tranquillo e grazioso
3. Allegro moderato alla Marcia
4. Allergro molto
Pause
2. avdeling
· Frédéric Chopin: Nocturne Ess-dur Op. 9 Nr. 2
· Edvard Grieg: «Jeg elsker deg» – op. 5 nr. 3
· Frédéric Chopin: Scherzo nr. 2 b-moll Op. 31
· Edvard Grieg: «Peer Gynt»-suite op. 46 nr. 1
1. Morgenstemning
2. Mor Åses død
3. Anitras dans
4. I Dovregubbens hall
· Frédéric Chopin: Polonese Ass-dur Op. 53 nr. 6 “Den heroiske”
Greg Niemczuk har ei verdsomspennande karriere og nesten 20 års erfaring som konsertpianist. Han har halde meir enn 500 konsertar i 36 land over heile verda og på alle kontinent.
Greg Niemczuk er høgt respektert av musikk-kritikarane.Og ikkje minst er han elska og beundra av eit stort publikum for sitt poetiske og kjenslevare spel og i sin lindenskaplege virtuositet.
Noreg er blant favorittlanda hans og kvart år opptrer han i meir enn 30 ulike byar og tetstadar over heile landet. Uoffisielt er han den mest turnerande pianisten i Noreg!
Niemczuk knyter saman musikken han spelar med ord – og forklarar dei klassiske verka for publikum. Difor er ikkje berre kjend for spelet sitt, men også for si evne til å få kontakt med publikum. Han gjer den klassiske musikken lett forståeleg og underhaldande, sjølv for dei som ikkje er trente lyttarar av klassisk musikk.
Greg Niemczuk har gjennom karriera si vunne mange klaverkonkurransar og prisar – m.a. i New York (Carnegie Hall Debut Competition) og Warzawa (Den nasjonale Chopin-konkurransen 2010).
Han er elles svært aktiv på internett og via YouTube gjer han klassisk musikk populær blant musikkelskarar over heile verda.
Tid
(Laurdag) 16:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Tickets
>>> KJøpfre27okt19:00fre21:30Drink & Draw19:00 - 21:30
Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt i Kabuso, fredag 27. oktober kl 19-21.30! Vertskap og instruktør: TBA Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatørar like mykje som profesjonelle.
Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt i Kabuso, fredag 27. oktober kl 19-21.30!
Vertskap og instruktør: TBA
Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatørar like mykje som profesjonelle.
Tid
(Fredag) 19:00 - 21:30
Tickets
>>> KJØPlau28okt13:00KakaokonsertUnge talent13:00
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 28. oktober kl 13! Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for å la deg
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 28. oktober kl 13!
Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Billettar: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00
lau28okt20:00Utseld: Tønes duoViser & humor20:00
Om arr.
Ein laurdagskveld med Tønes duo - aiai! Hald av 28. oktober og still med gensaren rett veg kl 20 - for songar om yatzy, bondeliv og waldorfsalat og slikt. Det er
Om arr.
Ein laurdagskveld med Tønes duo – aiai! Hald av 28. oktober og still med gensaren rett veg kl 20 – for songar om yatzy, bondeliv og waldorfsalat og slikt.
Det er ei god stund sidan Tønes og Erlend Aasland stod på same scene, men no vert duoen endeleg foreina igjen.
Frank Tønes Tønnesen kjem frå den vesle bygda Sokndal i Rogaland og er ein av landets beste låtskrivarar og tekstforfattarar. Han har gjennom åra fått ein del merksemd for dei finurlege og insiktsfulle dialekt-tekstane sine om smått og stort. I løpet av haustens turne kan det henda ein blir introdusert for nokre nye slike. Men det er ingen som lovar noko. I alle fall ikkje Tønes.
Tønes har gitt ut 8 album, 4 EP-ar og skrive ei bok. Han har vunne Prøysenrpisen, Dialektprisen og 4 Spellemannsprisar (vise/tekstforfattar).
Den sprudlande multiinstrumentalisten Erlend Aasland har ei bemerkelsesverdig evne til å meistra eit stort antal instrument og låtar på kort tid. Ingen veit kva slags nye instrument som vil dukka opp i haust. Sannsynlegvis ikkje han sjølv ein gong.
Velkomen til ein uforgløymeleg kveld i Kabuso!
Foto: Jan Ansgar Omdahl
Tid
(Laurdag) 20:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
nov.
Om arr.
Årets siste utstilling har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema. Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Yang Xueting, Tord Torpe og Kristen
Om arr.
Årets siste utstilling har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema.
Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Yang Xueting, Tord Torpe og Kristen Keegan.
Utstillingsopning 7. oktober kl 14
Kan opplevast t.o.m. 30. desember
Tid
Okt. 7 (Laurdag) 00:00 - Des. 30 (Laurdag) 00:00
sun12nov18:00Christian Wallumrød ensemble18:00
Om arr.
Sundagskvelden 12. november kl 18 byr Kabuso på Christian Wallumrød ensemble (CWE) CWE debuterte på Kongsberg jazzfestival i 2022 og har sidan spelt nærare 200 konsertar i Noreg og elles i
Om arr.
Sundagskvelden 12. november kl 18 byr Kabuso på Christian Wallumrød ensemble (CWE)
CWE debuterte på Kongsberg jazzfestival i 2022 og har sidan spelt nærare 200 konsertar i Noreg og elles i Europa, pluss USA Canada og Japan.
Wallumrød sitt mangeårige samarbeid med produsent Manfred Eicher har resultert i 5 utgjevingar med CWE på ECM Records. Albumet Outstairs vart heidra med ein ein Spellemannspris. Ensemblet har også gitt ut albuma Kurzam and Fulger (2016) og Many (2020, nominert til Spellemannpris) på Hubro Music. Samtlege album har vorte møtt med stor entusiasme blant kritikarane og publikum kring i verda. Fleire av utgjevingane har også havna på ulike årsbeste-lister i nasjonale og internasjonale media.
«Jeg vet knapt om noen som har tilført norsk musikkliv mer nyskapt særpreg enn Christian Wallumrød de siste tiårene»
Arild R. Andersen, Aftenposten
«The album is a masterpiece, by one of the most important living improvisers and composers»
Andy Hamilton, Jazz Journal (om albumet Many)
Tid
(Sundag) 18:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
tors16nov19:00Gabriels NovgorodFolkemusikk19:00
Om arr.
Gabriel Fliflet stiller med eit stjernelag av musikarar - kjende frå mellom anna Real Ones - i Kabuso mandag 16. november kl 19 Gabriel Fliflet (trekkspel, vokal) David Chelsom Vogt (fele, vokal) Kristoffer
Om arr.
Gabriel Fliflet stiller med eit stjernelag av musikarar – kjende frå mellom anna Real Ones – i Kabuso mandag 16. november kl 19
Gabriel Fliflet (trekkspel, vokal)
David Chelsom Vogt (fele, vokal)
Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, vokal)
Jørgen Sandvik (gitar, vokal)
Om Novgorod:
«Det er på tide at noen leverer musikken som dufter av solbelyste tømmervegger og syder av tjern og myrer. Det er på tide at noen gir oss musikken fra lave trebyer ved Østersjøen, fra hodeløse vodkafester med saltagurk, honning og smetana i etterkrigstidens nye lavblokker.
Noen må nå komme med den fyrrige musikken som rant ut fra cabaretlokalet, som fløt opp fra dansebanen ved elven, og valsene, verdens vakreste…
Novgorod vil hente fram denne musikken: Musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk, sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk. Vill og vital!»
På konsert med Novgorod kan du få høyra originale tolkingar av hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengtnadsfulle valsar, nordsvensk swing (med kosakktrinn) og lærerike songar på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song. På eit utal språk.
Novgorod vart danna i 2003 og har m.a. spelt på Festspillene i Bergen, Nattjazz, VossaJazz, Balkanfest, Litteratursymposiet i Odda, Hardingtonar, Columbi Egg og Riksscenen – og i Kabuso.
Gabriel Fliflet er vaksen opp til lyden av svensk, finsk og norsk song. Kåra til årets folkemusikar i 2011. Mange kjenner Fliflet frå samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i dueon Fliflet/Hamre. I denne samanhengen ausar han av kjennskapen sin til etnisk populærmusikk frå sitt finske fødeland, sigøynarmusikk m.m.
David Chelsom Vogt og Jørgen Sandvik har spela saman sidan dei var små. Best kjend er dei frå bandet Real Ones, som starta med irsk og britisk folkemusikk og etterkvart utvikla sin eigen fengande pop-stil med impulsar frå eit utal etniske tradisjonar. Kritikaryndlingar, bylarmprisen 2007, Spellemannsprisen 2013.
Prisløna Kristoffer Chelsom Vogt deltek med storebror David i nyskapande Kniv og Taffel Swingjazzorkester og med Gabriel Fliflet i bl.a. verket Åresong. Både Kristoffer Vogt og Jørgen Sandvik var sentrale i Fliflet sitt bestillingsverk til Vossajazz 2013 – Valseria.
Frå pressa:
”En opplevelse man sent vil glemme… Disse guttene har spilleglede i høysetet.” (Fanaposten)
”Alle lar seg begeistre av denne humørfylte kvartetten” (Bergens Tidende)
«Macho er tilbake. Etter ein time med finske tømmerfløytarsongar og annan djuprøysta, melankolsk musikk vandra vi ut lett øsne. Ikkje visste vi at musikk frå våre austlege naboland kunne vere så macho! Mannenmannen har vore ute i minst tre tiår, men om Novgorod gjer det stort – som dei burde, er han på veg inn igjen.”
(Lesarinnlegg av journalist Katrine Sele i bladet Folkemusikk )
Tid
(Torsdag) 19:00
des.
Om arr.
Årets siste utstilling har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema. Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Yang Xueting, Tord Torpe og Kristen
Om arr.
Årets siste utstilling har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema.
Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Yang Xueting, Tord Torpe og Kristen Keegan.
Utstillingsopning 7. oktober kl 14
Kan opplevast t.o.m. 30. desember
Tid
Okt. 7 (Laurdag) 00:00 - Des. 30 (Laurdag) 00:00
lau16des13:00KakaokonsertUnge talent13:00
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule på årets siste Kakaokonsertt - laurdag 16. desember kl 13! Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso -
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule på årets siste Kakaokonsertt – laurdag 16. desember kl 13!
Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Billettar: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00