Ledige stillingar

Arbeida hos oss?

Hardanger fartøyvernsenter er ein stor og aktiv arbeidsplass i Kvam kommune. Mange har arbeidd her i mange år og me er alltid glade for å få nye kollegaer.

Ledige stillingar hos oss finn du her:

  • Fast 100 % stilling som trebåtbyggar

Arbeidsområde:
– Skipstømring, innreiing m.m. i samband med istandsetjing av verna og freda fartøy.
– Instruksjon av lærlingar

Kvalifikasjonar:
– Fagbrev som trebåtbyggjar. Annan relevant bakgrunn (t.d. tømrar, møbelsnikkar) kan vera aktuell kvalifikasjon.
– Erfaring frå / interesse for kulturminnevern og handverk.

Løn etter avtale.
Tilsetjing snarast.

Vi kan tilby:
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved eit aktivt nasjonalt fartøyvernsenter som vektlegg formidling og tverrfagleg arbeid. Noko reising må du rekne med då vi tar oppdrag over det meste av landet.

Søknad med cv og relevante vitnemål, attestar og referansar kan sendast til: personal@hvm.museum.no
eller pr. post til: Hardanger Fartøyvernsenter, postboks 53, 5601 Norheimsund
innan 24.5.2019
Spørsmål i høve stillinga kan rettast til Avdelingsleiar Åsmund Kristiansen, tlf. 917 46 811.
Sjå og nettstaden www.fartoyvern.no

 

  • Lærling i trebåtbyggarfaget

Bakgrunn/ kvalifikasjonar:
• Formelle kvalifikasjonar, som vidaregåande utdanning frå båtbyggjarfag (Vg 2), alternativt VK I/VK II frå trebåtbyggjar/snekker/tømrar.
• Og/eller: Praksis frå desse faga, eller nærliggande fag.
• Og/eller: Arbeid eller kurs relatert til båt.
• Erfaring frå / interesse for kulturminnevern og handverk.

Læretid vil vere avhengig av godkjend skulegang og praksis.
Løn etter avtale.

Tilsetjing august 2019 eller etter avtale.

Søknad med cv og relevante vitnemål, attestar og referansar kan sendast til: personal@hvm.museum.no
eller pr. post til: Hardanger Fartøyvernsenter, postboks 53, 5601 Norheimsund
innan 24.5.2019
Spørsmål i høv
e stillinga kan rettast til Avdelingsleiar Åsmund Kristiansen, tlf. 917 46 811.

 

  • Fagkonsulent kulturminnevern (fartøyvernkonsulent)
    100 % fast stilling. Allsidig og spennande stilling som fagkonsulent/fartøyvernkonsulent for restaurering av verna fartøy og skip. Stillinga vil innebere dokumentasjon, forsking og rådgjeving i samband med antikvarisk istandsetting, kompetansebygging, fagleg kvalitetssikring, formidling m.m.
    Søkarar bør ha relevant høgare utdanning tilsvarande masternivå (t.d. historie, kulturfag) og interesse for maritim kulturhistorie og historiske fartøy.
    Dokumentert relevant realkompetanse kan kvalifisera til stillinga.
    Stillinga inneber noko reiseverksemd.
    Personlige eigenskapar: Vi søker ein engasjert og omgjengeleg medarbeidar som arbeider effektivt med fleire parallelle prosjekt, og med god evne til å tenke langsiktig. Vi legg vekt på høg fagleg kvalitet, positiv innstilling til intern og ekstern rådgjeving, samt god skriftleg og munnleg formuleringsevne.
    Opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til avdelingsleiar ved Fartøyvernavdelinga, Åsmund Kristiansen, tlf. 91 74 68 11.

 

  • Formidlingsleiar (vikariat)
    Vikariat i 100% stilling i perioden 1.9.2019 – 1.8.2020. Formidlingsleiaren vil få allsidige oppgåver knytt til formidling av maritim kultur og -handverk. Arbeidet vil omfatte arrangementsarbeid, organisering av turistsesongen, digital formidling, organisering og gjennomføring av undervisningsopplegg. I løpet av vinteren 2019/20 skal vi produsera ei ny utstilling, og det vil difor vera ei føremon om du har interesse for og erfaring frå utstillingsarbeid.

Søkarar bør ha relevant utdanning på masternivå (t.d. historie, kulturfag, arkeologi), og interesse for maritim kulturhistorie.
Dokumentert relevant realkompetanse kan kvalifisera til stillinga.
Personlige eigenskapar: Vi søker ein allsidig og kunnskapsrik person med god skriftleg og munnleg framstillingsevne og erfaring frå museumsformidling og utstillingsarbeid. Personlege eigenskapar vil verta vektlagd.
Opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til avdelingsleiar ved Museumsavdelinga Heidi Richardson, tlf. 41 26 06 97

 

 

  • Lærling i smedfaget
    Søkarar bør ha relevant bakgrunn og kvalifikasjonar, som t.d.:
    – Formelle kvalifikasjonar, som vidaregåande utdanning frå smedfag (Vg 2).
    – Og/eller: Praksis frå desse faga, eller nærliggande fag.
    – Og/eller: Arbeid eller kurs relatert til smedfaget.
    – Erfaring frå / interesse for kulturminnevern og handverk.
    Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved eit aktivt nasjonalt fartøyvernsenter som vektlegg formidling og tverrfagleg arbeid. Læretida vil hovudsakleg skje på arbeid med verna og freda fartøy. Noko reising må du rekne med då vi tar oppdrag over det meste av landet.

Læretid vil vere avhengig av godkjend skulegang og praksis.
Opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til avdelingsleiar ved Fartøyvernavdelinga, Åsmund Kristiansen, tlf. 91 74 68 11.

 

 

Felles for alle stillingene:
 Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
 Gode moglegheiter for fagleg utvikling
 Pensjonsordning
Hardanger og Voss museum er opptekne av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Løn etter avtale.
Søknad med CV og relevante vitnemål og referansar kan sendast til:
personal@hvm.museum.no. Hardanger fartøyvernsenter, Postboks 53, 5601 Norheimsund
innan 20. mai 2019.

Om du har kvalifikasjonar du meiner Hardanger fartøyvernsenter bør vera klar over, ta gjerne kontakt på e-post: personal.hvm.museum.no

Kontakt
Sandvenvegen 50, 5610 Norheimsund
Tlf: 474 79 839
E-post: fartoyvern@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger fartøyvernsenter!
Opningstider
September-april:
Kl 10-14, man-fredag

Mai-august:
Kl 10-17, alle dagar

For grupper:
Ta kontakt for omvisingar o.l.
X