M/Y Faun

Michelsen sitt lystfartøy

Kring hundreårskiftet hadde mange velståande nordmenn båtliv som fritidssyssel. Smekre båtar med kvite segl var vanleg å sjå i farvatna rundt dei store byane. Kring 1915 var det ikkje uvanleg å sjå langsmale motoryachtar i lag med seglbåtane. Inspirasjonen kom frå USA og England. Norske konstruktørar, som regel skipsingeniørar, reiste gjerne utanlands for å ta vidare utdanning i faget. Med seg heim hadde dei også idear om luksusprega motorbåtar i edeltre. To slike motorbåtar ligg ved fartøyvernsenteret, ein av dei er M/Y Faun.

 

Motorcruiseren Faun
Den lange, smekre og forseggjorde Faun vart bygd i 1916 ved Damsgaards Baatbyggeri og Motorforretning i Bergen. Denne verksemda var etablert av ingeniøren August Moldestad, som hadde studert skipsbygging i England. Båten vart bygd som lystfartøy for sonen til Christian Michelsen, Noregs første statsminister. Faun er 52 fot lang og kosta ny kr. 33.000,-.
Motoryachten Faun var heimehøyrande på Gamlehaugen fram til 1925. Etter dette var båten eigd av kjente reiarar og forretningsfolk i Bergen. I 1955 overtok BKK båten, og brukte han i samband med den store kraftutbygginga i Matrefjella. I 1993 vart båten overdradd til Hardanger Fartøyvernsenter. Våren 2005, nøyaktig 100 år etter at Christian Michelsen på fredelig vis leda nasjonen vår ut av unionen med Sverige, var Faun ferdig restaurert. Istandsetjinga tok oss fem år og kosta om lag 4,3 millionar kroner.
Faun framstår no som det stasfartøyet han vart bygd som, med mahogniinnreiing, plysj og fasettslipte vindaugsglas. Det meste av utstyret og inventaret frå 1916 var intakt og vart teke i bruk då båten var ferdig restaurert. Det er såleis ein svært autentisk Faun me kan tilby til den som ynskjer å gjera stas på seg sjølv eller sine gjester.
Hardanger fartøyvernsenter leiger ut Faun med mannskap til fint og feststemt folk på Hardangerfjorden og i sine gamle heimfarvatn rundt Bergen. Båten eignar seg til kortare eller lengre turar, selskap og møte, og har plass til 12 passasjerar. Ta kontakt for tilbod om ei spesiell oppleving!
Faun har eit godt venelag rundt seg, med utgangspunkt i Nordåsvatnet der ho høyrde heime før. Kvar forsommar kosar venelaget seg med Faun i Bergen. Ta kontakt om du ynskjer å bli kjent med Faun og dei flotte folka rundt henne!

 

Spesifikasjonar M/B Faun
Type: Motorcruiser
Byggjestad: Damsgaards Baatbyggeri og Motorforretning, Bergen.
Byggjeår: 1916
Kontrahert av: Skipsreiar Einar Michelsen.
Lengd over alt :……………….16,19 meter (53′)
Største breidd :………………….3,45 meter (11′ 4″)
Djuptgående :………………………1,16 meter (3′ 10″)
Byggjemateriale: Furu på eikespant
Kallesignal: JXDF
Bruksområde: Passasjertrafikk (inntil 12 personar)

Tilskotsytarar:
BKK
UNI-fondet
Riksantikvaren
Sparebank 1 Vest
Oslo Internasjonale Sjømannshjems Fond
O. Kavli og Knut Kavli´s Almennyttige Fond
Gullfaks leiargruppe
Oslo Internasjonale Sjømannshjems Fond
Kvam herad
Hordaland fylkeskommune

Kontakt

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund
Tlf: 474 79 839
E-post: fartoyvern@hvm.museum.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt for info om kva som skjer ved Hardanger fartøyvernsenter!

Opningstider

September-april:
Kl 10-14, man-fredag

Mai-august:
Kl 10-17, alle dagar

For grupper:
Ta kontakt for omvisingar o.l.

Contact

Adr: Sandvenvegen 50, Norheimsund
Tel: +47 474 79 839
E-mail: fartoyvern@hvm.museum.no

Newsletter

Subscribe to our newsletter featuring news about the museum, exhibitions, activities and more

Opening hours

September–April:
10 AM–2 PM, Monday–Friday

May–August:
10 AM–5 PM, all days

Groups:
Contact us for guided tours

X