– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Byggdriftar/vaktmeister

Er du ein dyktig og engasjert byggdriftar med teknisk kompetanse?

Ønskjer du ein variert og utfordrande arbeidskvardag, då er det kanskje deg vi ser etter! Hardanger fartøyvernsenter søkjer ein byggdriftar til vårt team.

Som byggdriftar hos oss får du ansvar for vedlikehald og reparasjonar av bygningsmassen vår, som inkluderer kontor, hybel og produksjonslokale. Du vil også handtere tekniske installasjonar i vårt nye publikumsbygg.

Dine arbeidsoppgåver vil inkludere:

  • Vedlikehald og reparasjon av bygningsmassen
  • Handtering av tekniske installasjonar i publikumsbygget
  • Førebyggjande vedlikehald og oppfølging av vedlikehaldsplanar
  • Koordinering med eksterne leverandørar og handverkarar
  • Delta i utvikling og gjennomføring av vedlikehaldsprosjekt

Vi ser etter deg som har:

  • Teknisk utdanning eller relevant erfaring innan byggdrift
  • Erfaring med vedlikehald og reparasjonar
  • Kjennskap til moderne tekniske installasjonar
  • Gode problemløysingsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
  • Førarkort klasse B
  • Ønskjeleg, klasse BE og truckførarbevis

Vi kan tilby:

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Alexander Günther
Einingsleiar bygningsvern
alexander.gunther@fartoyvern.no

Send søknad til

personal@hvm.museum.no

Frist: 6. mars

 

Litt om bedrifta:

På Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund kan du høyra lyden av handverkarar i arbeid. Det luktar av friske materialar, tjære, tau og glødande smijarn. Hardanger fartøyvernsenter har lang erfaring med tradisjonelt trearbeid, og som kompetansesenter og verft, satser me meir på bygningsvern i tida som kjem. Me har eigne handverkarar som arbeider med bygningsvern og som har spesialkompetanse på tømring, finsnikring og antikvarisk restaurering.