Oppdatering frå Kulturnaustet – Oktober
Arbeidet går framover
No har det snart gått to månader sidan oppstart av arbeidet med Kulturnaustet her på Hardanger fartøyvernsenter. I denne tida har det skjedd ein del på anleggsplassen.
Rivinga av det gamle Kulturnaustet held fram, og no er det berre læringsarenaen mot Sandvenvegen att. Læringsarenaen skal brukast vidare og, så langt som råd haldast i drift gjennom byggefasen. Bilete over er tatt 25. oktober og viser attverande stålkonstruksjon, men når du leser dette er dei allereie demontert.
Arbeidet med Sandvenelva
Det meste av arbeidet med Sandvenelva er fullført. Fisken som Sven-Helge Pedersen elfiska tidlegare i haust er satt ut igjen. Noko meir arbeid i elva vert det ikkje før gytesesongen er over i mai-juni neste år.
Kva har vi gjort?
- Elva har fått ny morene-stein og det har blitt laga til fleire buktingar og gøymestader til fisken.
- Den svartelista parkslirekna som vaks ved elva er fjerna og er erstatta med andre vekstar.
- Elva blitt gjort breiare for å ta i mot større mengder vatten.
- Mellombels bru er på plass og gamal bru skal etter kvart rivast.
Til våren kjem ny bru. Det skal òg fyllast på med meir gytegrus i elva. I samband med fylling av gytegrus vil vi invitere skuleklassar til å vere med, då eit av måla til miljøprosjektet i elva er å formidle kunnskap om økologien i elva.
Kommande planer
Neste fase i prosjektet er arbeidet med nytt lager/nasjonal delebank med parkering «på taket». Lageret kjem delvis under parkeringsplassen i skråninga opp mot fylkesvegen. Her vert det danna eit tun som ein ser føre seg kan brukast til «ute-byggeplass», m.a. i regi av bygningsvernutdanninga ved Fagskulen og NTNU. Denne plassen har fått namnet Handverkartunet. Grunnarbeidet for Handverkartunet med lager og parkeringsdekke tek til 6. november. Vi ber alle ta omsyn til anleggsarbeid på begge sider av bekken og halde seg til skilting og sperringar.
![Illustrasjonsbilete av nytt lager og parkeringsplass. Illustrasjonsbilde av arkitektegninger. Viser nye konstruksjoner. Flere bygg har rød farge på fasaden, andre bygg er grå.](https://fartoyvern.no/wp-content/uploads/2023/10/Illustrasjonsbilete-av-nytt-lager-og-parkeringsplass.webp)
Illustrasjonsbilete av nytt lager og parkeringsplass.
Under kan du sjå fleire bilete i frå arbeida med elva i ein liten biletekarusell.