– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Byggestart for nytt publikumsbygg

No kan vi endeleg sette spaden i jorda for nytt publikumsbygg!

Bygget som har vore planlagt og arbeidd med i fleire år har fått oppstartsdato hausten 2023.

Det er entreprenør Åsane Byggmesterforretning AS som har blitt tildelt oppdraget. Det nye bygget og uteområdet er teikna av arkitektane Solveig Valland i Geoplan AS og Lars Berge i LJB AS. Publikumsbygget er planlagt å stå ferdig våren 2025.

To menn handhilser foran ein skjerm med eit illustrasjonsbilete av eit stort rom med stort vindauge og skråtak. Det er bord og stolar som står loddrett mot vindauge.

Direktør i HVM, Åsmund Kristiansen og dagleg leiar i Åsane Byggmesterforretning. (Foto: Lars J. Berge)

Prosjektet er ikkje fullfinansiert, så ein vil fortsette arbeidet med å skaffe dei siste midlane samstundes som bygginga vert gjennomført i etappar.

Stortingsmelding 23 (2020-2021), «Museumsmeldinga», omtaler prosjektet og Hardanger fartøyvernsenter (HFS) som det viktigaste kompetansesenteret i landet for å vidareføra kunnskap om og dugleiker i å byggja nye og å setja i stand historiske båtar og fartøy av tre. HFS har formidlings- og undervisningsopplegg til besøkande, elevar, kurs m.m.

Publikumsbygget er ein del av utviklingsprosjeket «Tett på» som er generalplanen for utvikling av senteret med restaureringsverkstader, maritimt museum, kurslokale, uteområde m.m.

– No gler me oss til å setje i gang med bygging, etter mykje planlegging, prosjektering og finansiering. God støtte lokalt har vore avgjerande for lukkast. No må berre dei siste midlane på plass for å kunne gjennomføre heile prosjektet, seier Åsmund Kristiansen, direktør i Hardanger og Voss museum.

Les mer om prosjektet her: https://fartoyvern.no/tett-paa/