Restaurering

Klar for oppdrag

Hardanger fartøyvernsenter har lang erfaring med restaurering av fartøy, båtar,

innreiing av stålfartøy, rigging og smiing. Arbeidet skjer i nært samarbeid med eigar.
Som båt- eller fartøyeigar kan du òg få bistand i ulike faglege spørsmål som tilstandsvurdering, kostnadsoverslag, vedlikehald m.m.

Du som fartøyeigar kan få utført oppdrag innan:

  • Restaurering
  • Båtbygging
  • Trearbeid
  • Smed- og mekanisk arbeid
  • Reipslaging
  • Rigging
  • Synfaring og tilstandsvurdering
  • Prosjektering
  • Konsulentoppdrag
  • Kurs i vedlikehald og ulike handverk
  • Historisk og teknisk dokumentasjon

Fartøyvernet er i stadig utvikling. Som kompetansesenter og verft ønskjer me å bidra til høgt kulturvernfagleg nivå, i samråd med Riksantikvaren sine retningslinjer og planer for vernefeltet. Vern og bruk av gamle fartøy handlar om å ta vare på materielle leivningar frå fortida. Men det er òg ein skule i å ta vare på gamle kunnskapar og dugleikar. Sidan dei fleste fartøy er i ei eller anna form for drift er det vidare eit spørsmål om tryggleik på sjøen.

Mellom 15 og 20 handverkarar er fordelt på fag som trebåtbyggjar, skipstømrar, skipssmed, innreiingssnikkar, riggar, reipslagar. I tillegg kan det vera opptil fire lærlingar.

Eit viktig mål for fartøyvernsenteret er å føra vidare handverkskunnskap i eit langsiktig perspektiv. Her er det skapt eit miljø kor denne kunnskapen kan leva vidare.

Kontakt
Sandvenvegen 50, 5610 Norheimsund
Tlf: 474 79 839
E-post: fartoyvern@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger fartøyvernsenter!
Opningstider
September-april:
Kl 10-14, man-fredag

Mai-august:
Kl 10-17, alle dagar

For grupper:
Ta kontakt for omvisingar o.l.
X