juli 2019

22jul(jul 22)10:0026(jul 26)14:00Jentetokt 2019

Les meir

Om arrangementet

JENTETOKT
Norheimsund – Haugesund 22.-26. juli 2019
Denne veka seglar Mathilde med kvinneleg mannskap, og berre jenter slepp om bord som medseglarar. Som alltid på jentetokt vert det spanande hamner, song, latter og god mat. Skipper Cecilie er klar – og gler seg til å møta ’gamle’ og nye jenter. Ho meiner at jentetokta er såpass helsebringande at ein burde få dei på blå resept.
Dette er eit tokt der alt ligg til rette for flotte naturopplevingar. Me seglar frå Norheimsund måndag, og undervegs gjer me spanande strandhogg, før me endar opp i Haugesund fredag. Velkomen skal du væra – om du er ‘førstereis’ eller erfaren ‘havfrue!’

Påmelding til;
mathilde@hvm.museum.no
Hugs namn, adresse, tlf nr.
Depositum kr. 1000,-
Ta gjerne kontakt for meir informasjon på e-post eller tlf.

NOK 7700,-
Inkluderer:
• Seglopplevingar
• Overnatting på Mathilde
• 3 måltid per dag

Tid

22 (Måndag) 10:00 - 26 (Fredag) 14:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Kontakt
Sandvenvegen 50, 5610 Norheimsund
Tlf: 474 79 839
E-post: fartoyvern@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger fartøyvernsenter!
Opningstider
September-april:
Kl 10-14, man-fredag

Mai-august:
Kl 10-17, alle dagar

For grupper:
Ta kontakt for omvisingar o.l.
X