Småbåtverkstaden

Mange lærlingar har fått verdfull praksis i småbåtverkstaden. Foto: 
I småbåtverkstaden møter du båtbyggjar Peter Helland Hansen. Foto: Lars Arvid Oma

Levande tradisjon

Veit du korleis ein småbåt frå Hardanger vert bygd? Ta ein tur innom småbåtverkstaden vår! Der møter du båtbyggjar Peter Helland-Hansen og lærlingen hans i arbeid med nye tradisjonsbåtar frå regionen: strandebermarar, kyrkjebåtar eller andre utgåver av den tradisjonelle hardangerfæringen. Dette er lette opne klinkbygde båtar i ulike storleikar, med årar og segl.

Frå kjølen vert strekt til båten står ferdig kan ein på nært hald oppleva tallause gamle handverksteknikkar, handlingsboren kunnskap som for nokre tiår sidan var i ferd med å forsvinna.

Fartøyvernsenteret i Norheimsund berga båtbyggjartradisjonen i Hardanger i siste liten. No arbeider senteret for å vidareføra den handlingsborne kunnskapen, knytt til materialval, arbeidsmåtar og bruk av verktøy. Den beste måten å sikra kunnskapen er å byggja nye båtar som vert brukte til roing og segling.

Helland-Hansen har hatt over 20 lærlingar i verkstaden sidan starten i 1987. Senteret har levert over hundre nybygde båtar.
Småbåtverkstaden tek også på seg kopibygging og rekonstruksjon av andre tradisjonelle småbåtar i tre. Dessutan utfører handverkarane oppmåling, tilstandsvurdering og restaurering av eldre småbåtar. Det vert også laga årar og andre delar til tradisjonsbåtane.

Kontakt
Sandvenvegen 50, 5610 Norheimsund
Tlf: 474 79 839
E-post: fartoyvern@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger fartøyvernsenter!
Opningstider
September-april:
Kl 10-14, man-fredag

Mai-august:
Kl 10-17, alle dagar

For grupper:
Ta kontakt for omvisingar o.l.
X