Reiparbanen

Alternativ tekst for bilete
Reipslagar Ingunn Undrum i arbeid. Foto: Vegard Valde
Reiperbana vert også nytta til opplæring. Her er det elevar frå ein svenske folkehøgskule som får prøva seg, saman med reipslagar Ingunn Undrum (t.h.).      Foto: Lars Arvid Oma

Unik bane

Korleis vart tau laga i tidlegare tider? På reiparbanen ved Hardanger fartøyvernsenter (HFS) kan du på nært hald sjå korleis ein lagar handslått tau i ulike variantar.
Me har landets einaste reiparbane som er i bruk. I den 80 meter lange banen vert det produsert tau av hamp, manila, kokos, lindebast, hestetagl, hud og hår. Det vert også laga tau av kunsthamp. Her kan ein sjå korleis reipslagarane praktiserer handverket som har røter i teknologien frå mellomalderen.
Når tauet vert slått for hand, er det lett å tilpassa det til den bruken tauet skal ha.
Reipslagarane produserer tauverk til ei mengd ulike føremål; som tau til rigg på båtar, til seglmakarar, museum, hestehald, lasso, dekorasjon og rekkverk.

 

Kom gjerne på besøk!
Dei viktigaste kundane våre er fartøyeigarar som driftar tradisjonsbåtar og fartøy frå tidlegare tider. Senteret arbeider med rekonstruksjon og restaurering av desse historiske fartøya. I slike prosjekt er heilskapen viktig, og då lyt det vera handslåtte tau og reip i riggen.
I tillegg produserer småbåtverkstaden nye klassiske tradisjonsbåtar, og restaurerer gamle, båtar som også treng tau til tollegangar og rigg.
Reiparbanen er open for publikum, så me tek gjerne mot besøk!

 

HFS held faget i hevd
I 1995 fekk HFS eigen reipslagar, Anja Hertzberg. Då var det meir enn 40 år sidan sist nokon hadde teke fagbrev som reipslagar i Noreg. Seinare har fleire andre gått i lære hjå oss.
Ingunn Undrum starta som reipslagarlærling ved HFS i 1997, og tok sveineprøven i 2001. Sidan har ho jobba som reipslagar ved senteret, og har vore læremeister for to nye lærlingar. Ein av desse er Sarah Sjøgren, som også er fagutdanna reipslagar med sveinebrev, og kollega i reiparbanen ved senteret.
HFS er åleine i Noreg om å halda det tradisjonsrike faget i hevd. Faget vart igjen godkjent som eige lærefag i august 2013.
Den unike fagkunnskapen vert også nytta i forsking, og når historisk bruk av tau vert dokumentert og rekonstruert. Reipslagarane dreg også ut og held kurs og foredrag. Då kan me ha med oss ei lita, mobil reiparbane der ungar og vaksne kan laga sitt eige tau!
Døme på større oppdrag er levering av tau til ståande og laupande rigg til vikingskipa Draken Harald Hårfagre og Saga Oseberg. Senteret har også levert alt av tauverk og rigg til den nye bankskøyta i Ålesund.

Kontakt
Sandvenvegen 50, 5610 Norheimsund
Tlf: 474 79 839
E-post: fartoyvern@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger fartøyvernsenter!
Opningstider
September-april:
Kl 10-14, man-fredag

Mai-august:
Kl 10-17, alle dagar

For grupper:
Ta kontakt for omvisingar o.l.
X