Lag eit tau

Små reipslagarar

På Hardanger fartøyvernsenter kan alle lage sitt eige tau. Me har to minireiparbanar, den eine lokalisert på reiparbanen og den andre står ute, der besøkande med rettleiing frå ein guide kan slå sitt eige tau.

Først spinn du garna til tre kordelar ved å sveiva krokane så fort du klarar. Ved hjelp av en liten trekloss kalla toppa slår du tauet saman, og vips så har du din eigen handlaga souvenir eller hoppetau.

Minireiparbanane våre er enkle kopiar av vår eigen reiparbane, så her kan du få prøva deg som reipslagar!

Kontakt
Sandvenvegen 50, 5610 Norheimsund
Tlf: 474 79 839
E-post: fartoyvern@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger fartøyvernsenter!
Opningstider
September-april:
Kl 10-14, man-fredag

Mai-august:
Kl 10-17, alle dagar

For grupper:
Ta kontakt for omvisingar o.l.
X