Reipslagarhandverket

På reiparbana kan du sjå på verkstaden og er du heldig møter du reipslagaren og kan sjå korleis eit tau vert laga. Inne på reiparbana, nett ved sida av verkstaden finn du også ei lita utstilling om reipslagarhandverket. Her får du innføring i ulike reipslagarteknikkar, og får vita meir om kva slags materiale som har vore brukt i produksjon av tau.

Tauverk av lokale råvarer har vore laga i Noreg like frå steinalderen og fram til kring 1950. I tusenår etter tusenår har menneska visst å utnytta dei ressursane som fanst i nærområdet for å laga reiskapar dei trong. 

Ved sida av denne bygdehusfliden var reipslaging eit eige yrke og fag i byane mellom 1600 og 1950. Verksemda gjekk føre seg på lange reiparbanar. Det meste av tauverket vart levert til seglskutene.

I første halvdel av 1900-talet overtok motoren for seglet, plasttaua overtok for tauverk av naturmaterialar, og produksjonen av tau gjekk frå å vera handverk til å bli industri. 

Ved sida av utstillinga finn du også vår vesle minireiparbane. Der kan du kan laga ditt eige hoppetau!