Norsk English

Norske Landskap, KYSTEN

Knud Knudsen (1832 - 1915) var den fyrste fotografen som reiste omkring i heile Noreg og tok bilete. Han reiste i åra 1862 til 1900 og fotografia hans er blant dei aller tidlegaste som er tatt her i landet. I dei kan vi sjå Noreg for 150 år sidan.

Knud Knudsen var frå Odda i Hardanger og flytta som ung gut til slektningar i Bergen. Her etablerte han i 1864 ein av Bergens fyrste fotoforretningar og satsa særleg på landskapsfotografering retta mot den framveksande turistmarknaden. Fotografia hans er blant dei tidlegaste som er tatt her i landet. Nesten 10.000 originale glasplatenegativ er bevart etter Knud Knudsen, og arkivet etter han er ei av Norges viktigaste fotosamlingar.

Idé, utval av foto og design av utstillinga "Norske landskap" er ved Skule Eriksen og Lisbeth Dreyer. Dei har i fleire år arbeidd med foto-samlinga etter Knudsen og laga både ein film, ei bok og denne utstillinga. I utvalet av fotografi har dei særleg lagt vekt på motiv som viser menneske i landskapet.

Utstillinga "Norske landskap" ved Hardanger og Voss museum er i tre delar:

Kysten (Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund)
Knud Knudsen fotograferte det norske kystlandskapet i ei tid då seglskip og trebåtar ennå rådde. I utstillinga følgjer me kysten frå Kristiania (Oslo) til Troms.

Fjellet (Voss folkemuseum)
Å oppleve det norske fjellandskapet var viktig for dei første turistane som kom til Norge. Knud Knudsen fotograferte det dei kom for å sjå; folket, fossane, breane og fjella. Han tok óg bilde av turistane, transportmidla deira og overnattingsstadane.

Fjorden (Hardanger folkemuseum, Utne)                                                 Knud Knudsen var ein av dei første til å ta bilde av kvardagslivet i det norske fjordlandskapet. På heimgarden Tokheim ved Odda dyrka han frukt ved sidan av å vere fotograf i Bergen.


Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd.
Dei originale glasplatene til Knud Knudsen sine fotografi er eigde av Universitetet i Bergen.