Hardangerbåtane

På reiparbanen har me samla hardangerbåtar i ulike storleikar. Her kan du sjå alt frå små æringar (robåtar med eit årepar), til store tiæringar, som fleire bruk eigde i lag og som vart nytta til å ro til kyrkja. Du kan også sjå korleis båtane utvikla seg over tid frå dei gamle båtane med særs breie bord og tilhogde emne, til nyare typar med smalare bord og ulike løysningar for motorisert framdrift.

Dei tradisjonelle hardangerbåtane har vore bygde i mange hundre år. I graver frå vikingtida er det funne færingar som har tydeleg slektskap med hardangerbåtane.

Båtane har namn etter kor mange årar dei har. Æring har to årar, færing har fire årar, seksæring har seks årar, åttæring har åtte årar og tiæring har ti årar. 

Dei tradisjonelle hardangerbåtane var klinkbygde. Slike båtar er kjenneteikna ved at båtbyggjaren arbeider utan teikningar. Båtbyggjaren må skapa forma sjølv. Han må sjå og sikta, og bruka «augnamålet», for at båten skal få eit fint skap. Når borda er lagt slik dei skal vera, skal bordgangen skytast omkring. Det vil seia at overkanten av borda skal jamnast. Omskytinga krev sikting, og kanskje at ein justerer litt på legget og på bordbreidder. 

Å få dette skikkeleg til krev trening. Som i andre handverk der ein arbeider utan teikning, må ein sjå tingen framfor seg før ein lagar den. Båtbyggjaren skapar altså båten først mentalt som eit bilde, før han vert skapt i rommet. 

Båtbygging har vore svært lite prega av maskinarbeid. Båtar har stort sett vore bygde med handverktøy som til dømes øks, sag, hammar og høvel. Kroppen kan sjåast som den sentrale reiskapen i produksjonen av ein båt. Produksjonen er orientert rundt kroppen og ikkje i høve til ei maskin.