Utstillingar på fartøyvernsenteret 2016

Du finn informasjon om dei einskilde utstillingane våre i menyen til venstre, eller du kan klikke på linkane i teksten lengre nede.

 Nye utstillingar 2016

Kysten 

Knud Knudsen fotograferte det norske kystlandskapet i ei tid då seglskip og trebåtar ennå rådde. I utstillinga følgjer me kysten frå Kristiania (Oslo) til Troms. Kulturnaustet 

 

MF Folgefonn

Ombord i den freda ferja MF Folgefonn kan du sjå arbeidet som skal føra M/F Folgefonn tilbake til slik den var før 1960. Det skal gjerast ei omfattande restaurering av stålskroget på Folgefonn. Før det kan skje, skal all innreiing og anna brennbart materiale demonterast. Stig ombord og følg med!

 

Eldre utstillingar

"Reipslagerhandverket" På reiperbana finn du ei utstilling om handverket si utvikling. Her får du innblikk i produksjonsteknikkar og materialer som har vore nytta i produksjonen.

"Don't row. Throw the oars away!" Stor utstilling om påhengsmotoren si historia. Den kjem frå Gunnar Michelsen sine Maritime samlingar vedNoges fiskerimuseum. «Ikkje ro! Kast årene !» var slagordet då påhengsmotorpioneren Evinrude skulle overtyda robåtfolket om at utenbordsmotor var løysinga. I Bergen har Gunnar Mikkelsen samla ulike utgåver av påhengsmotorar. Den store samlinga er no overteke av Museum Vest, Norges Fiskerimuseum. Utstillinga viser den historiske utviklinga frå dei fyrste påhengsmotorane fram mot vår tid. Utstillinga viser nær 40 ulike påhengsmotorar og vert ståande på reiparbanen.

"Hardangerbåtane" På reiperbana er vår unike samling av båtar frå Hardanger.

I kafeen finn du utstillinga "Ho skal berre over fjorden...". Her har Ragnar Hovland sine ferjetekstar fått fylgje av foto frå private album og samlingar. I kafeen rullar også filmsnuttar frå 60- og 70-talets endelause ferjekøar i Kinsarvik. Desse er utlånt frå Halldor Utne/Hardanger folkemuseum.