Eit familievenleg museum med levande maritime handverk og aktivitetar

Maritimt museum der verkstadane (smie, reiparbane, båtbyggjarverkstaden og retaureringsverft) er ope for besøkande. 
Ope alle dagar 10-17. Tlf: (+47) 47 47 98 39
>>> FØLG AKTIVITETEN VÅR PÅ FACEBOOK

OPNINGSTIDER OG OMVISINGAR
Hardanger fartøyvernsenter har ope for grupper heile året. Omvising bestiller du på tlf. 474 79 839. I sommarsesongen (mai-august) har me ope kl. 10 - 17 kvar dag. Kafé med smårettar og heimelaga kaker. Museumsbutikk med maritime saker og ting.

OPNE VERKSTADAR
Handverkarane er i arbeid i verkstadane (reiparbane, båtbygging, restaurering og smie), måndag - fredag til kl 15.00. Her kan du sjå handverkarar utføra krevande restaureringsarbeid.

PRISAR
Vaksne kr 90,-
Born 7-15 år og studentar kr 50,-
Familiar kr 190,-
Sesongbillett kr 150,-/ 90,-
Sesongbillett familie kr 320,-
Fellesbillett HVM kr 190,- (57% rabatt!) gjev mange opplevingar og gjeld for alle avdelingane til Hardanger og Voss museum i 2017.

Gruppepris pr pax kr 80,- 

UTSTILLINGAR I 2017

  • "Kysten" fotografi av Knud Knudsen
  • «Ikkje ro! Kast årene!»  viser utviklinga til påhengsmotorane
  • "Ho skal berre over fjorden..." 

Les meir om utstillingane under UTSTILLINGAR i menyen til venstre.

FILMAR

  • "Då sjøen var vegen" fortel om kor viktig sjøen har vore som kommunikasjonsåre fram til våre dagar.
  • "Kvinna ved havet" om kvinneliv ved kysten midt på 1900-talet.
  • I "Nordlandsfarten" blir me med ein tur til Nord-Noreg på torske-oppkjøp i 1920-åra.
  • "Fjordens liv" fortel om den fantastiske verda som finst under vassoverflata.

AKTIVITETAR FOR SMÅ OG STORE
Som gjest kan du prøva dine eigne ferdigheiter i små verkstader.

TURAR PÅ FJORDEN
Mathilde kan leigast for kortare og lengre dagsturar.
Gavelbåten med ein Sabb 10 kh innanbordsmotor kan leigast for dagsturar i nærområdet. 

ROBÅTAR
Me leiger ut fire tradisjonelle robåtar som er bygde ved senteret. Du får med kart, informasjon og tips til turar, og du kan også leiga fiskeutstyr. Dersom du ynskjer det kan du leiga ei piknik-korg til strandhogg.
prisar frå kr 250.  Les meir under Hardanger kystlei. 

UTLEIGE AV KAFE OG FILMSAL
Kafe og filmsal er til leige for kurs, møte og private tilskipingar. Me kan ordna med servering, omvising, framsyningar og aktivitetar knytt til handverk og maritim kultur. Om sommaren er lokala til leige berre på kveldstid. 

TOKT MED MATHILDE
Om sommaren seglar hardangerjakta Mathilde tokt langs kysten. Kvart tokt er på fem dagar og bør bestillast i god tid. Vår og haust er det leirskule om bord på Mathilde. Før og etter leirskulesesongen går Mathilde på museumstokt med ulike tema i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.

Nasjonalt kompetansesenter innan maritime fag
Hardanger Fartøyvernsenter er eit nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern og mellom dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden. Me fokuserer på handverk og handverkskunnskap i det museale arbeidet vårt. Senteret eig og driv fleire større fartøy. Norheimsund sentrum og fartøyvernsenteret er knytt saman gjennom strandpromenaden.

Utmerkingar
Norsk Kulturarv har gitt Olavsrosa til både Fartøyvernsenteret og Mathilde. Det tyder at me her kan tilby ei oppleving rotfesta i den norske kulturarven.

 

Flere bilder

  • Ingunn-strekker-i-kordeler
  • Her ser vi følget på vei til Sandvenholmen og grønt gra
  • Ror mot kameraet
  • Øye øverst på rekkverk
  • Strandpromenaden i Norheimsund har fått fint rekkverk
  • Folgefonn vel fortøyd på fartøyvernsenteret
  • kanotur
  • leikebaatverkstaden
  • Folgefonn på fartøyvernsenteret
  • Kroneregatta, mange stolte redere venter på premie
  • sjørøvere
  • Arnafjord går av slippen 21.11.2010. Eit nytt liv ventar ho på fjorden.
  • Driving skrog
  • Stangfjord økser kjøl
Foto: Knud Knudsen, Universitetet i Bergen. Ubb Kk 1318

Utstillingar

Du finn informasjon om dei einskilde utstillingane våre i menyen til venstre, eller du kan klikke på linkane i teksten lengre nede.

Ivrige 2. klassinger får undervisning. Dette er kjekt!

Kontakt og tilsette

Besøksadresse:
Kaldestad, som ligg i sørenden av Norheimsund sentrum. Følg vegen mot Tørvikbygd om du kjem med bil. Kjem du

Familie i leikebåtverkstaden

Prisar og praktisk informasjon

OPE
Sommarsesongen 2017: 2. mai -31. august. Alle dagar 10 - 17.

Ope for grupper heile året. 
Ta kontakt for informasjon og tilbod.