Norsk English

Mathilde - Hardanger maritime leirskule

Leirskulen er ei reise i tid, i stader og i felleskapet.

Leirskulebrosjyre

Å segle ei veke med ei flott historisk skute som Mathilde, er eit leirskuleopphald av dei sjeldne. Det er eit minne for livet for heile klassen.

Orienteringshefte og anna info/lenker finn du nederst på sida.
Ring oss på 47 47 98 39 om du lurer på noko, f.eks. når me har ledige veker.

Mannskapet
Sidan Mathilde er ein seglande leirskule der tryggleiken står i høgsetet, er me godt bemanna i forhold til andre leirskular. Hos oss er det fem i mannskapet som sørger for at du på ein trygg og sikker måte lærer om livet på ei Hardangerjakt. Det er skippar, bestmann, kokk, leirskulelærar og jungmann.

Vekesprogrammet
Ver og vind styrer mykje av korleis me legg opp veka. Difor er inga veke lik den andre om bord, sjølv om rutinane er dei same, og me har aktivitetar som me legg vekt på.

Tryggleik
Basis for alt om bord i Mathilde er sikkerheit. Den grunnleggjande haldninga er bærebjelka for tryggleiken om bord. Me lærer at sånt som skriking og vifting med armer ikkje skal brukast i utrengsmål. Det er viktig å lære reglar slik at ein unngår å utsetja seg og andre for fare, og korleis me tek ansvar ikkje berre for oss sjølv, men også for kvarandre. Ingen klarer seg åleine til sjøs, felleskapet er viktig. Når me sørgjer for at sikkerheita ligg trygt i botn, kan me leika og ha det kjekt med alt det andre!

Sjømannskap
Når skuta er i fart går elevane sjøvakter under kunnig leiing av mannskapet. Dei står utkikk, styrer og går sikkerhetsvakter. Dei lærer seg å bruka og lesa vaktlister, og bli fortrulig med fordeling av arbeidsoppgåver. Det er stort å kjenne at no, no er eg med på å styre skuta.

Tauarbeid
Knop og spleis. Det er viktig å læra seg knop og stikk slik at ein kan handtera tau og fortøya ein båt på ein trygg måte. Kvar dag er ein ny knop landgangsprøve. Det er motiverande for læringa. Dei som ynskjer det får halde på med handarbeid i tau på fritida.

Segling og manøvrering
Den tradisjonelle norske råsegl-riggen i kombinasjon med gaffelriggen utgjer seglgarderoben til Mathilde. Me lærer om og får prøve dei ulike segla. Aerodynamikk er spanande. Elevane får prøva ut teorien dei har lært på morgonen i praksis når me går ut og seglar. Det vert setjing av segl, å snu skuta mot og medvinds og oppleve samspelet mellom dei einskilde segla. Me står på dekk og kjenner kreftene ta tak. Det er herleg!
 
Navigasjon
Me startar med å lese kart, tolka navigasjonshjelpemidla som lykter og stakar. Nokre klassar er vane med å lesa kart. Då kjem me litt lenger i undervisninga. Det blir å legga opp ein kurs for ein seilas der ein tek omsyn til navigasjonhjelpemidla me finn i leia.

Maritime livet
Me går tur i fjæra og ser på ulike strandsoner. Fangsten vår vert studert og artsbestemt. Det er kjekt når me får fram oppdagergleda hos elevane igjen, som det å løfte på ein stein og sjå mylderet av liv. Me må ikkje slutta med å undre oss.

Fiske
Me lærer litt om dei ulike fangstmetodane. Med robåten vår set me garn som me trekker neste morgon. Me brukar litt tid på å vurdera og studera fangsten. Korleis sto garnet når me fekk det me fekk (eller ikkje fekk). Me studerer fisken, og lærer om å håndtere den slik at det vert god matfisk for kokken vår.

Historie
Ein elev stod med såre og raude nevar ein regnværsdag etter å ha vore med og heist storseglet og sa: "Segla dei verkelig dette heile året i snø òg? Det er eg glad for at eg slepp." Då tenkte skipparen at no har du skjønt noko du ikkje kunne ha lest deg til i ei bok. Elevane som går i land etter ei veke på Mathilde tek med seg litt respekt for karane som segla kysten vår og la grunnlaget for liv langs med kysten. Det er god ballast for vegen vidare å skjøna at det finst andre verder me ikkje heilt fattar utan å ha kjent litt på dei.


Då håper me at me kan ynskje dykk velkommen ombord til ei kjekk, annleis og lærerik leirskuleveke.

Lurer du på noko så ikkje nøl med å ta kontakt. Me har eit orienteringshefte som me sender ut til klassar som vurderer å vera med oss.


Skuta, livet om bord og handteringa av segl og skipet, er bærebjelken i opplegget. Samstundes nyttar me naturen og miljøet rundt oss til auka kunnskap. Me set garn og ser på livet i fjæra.  Når me kjem til ei hamn så tek me i bruk hamna, snakkar med folk, besøker det lokale museet og lærer litt om lokalsamfunna. 
Dei fleste leirskuleturane med Mathilde tek fem dager og starter på fartøyvernsenteret i Norheimsund, men me har og kortare turar. På måndagar kastar me loss, og legg ut på ei oppdagingsferd. Kvar kveld legg me til i ei ny hamn som kan vera med og fortelja ei spanande del av kystsoga vår.

Ei skuleklase har lagd ein bildekavalkade frå tokt med Mathilde.

 

 

Filer

Flere bilder

  • ungdom seilheis
  • robåt gj riggen
  • Fender egner seg som badeball
  • Å studera sjøstjernar seier litt om livet.
  • Dagboka vert skreven på banjern etter ein dag på fjorden.
  • Middag på dekk er gode greier.
  • Det er kjekt å få lovå bruke hekksbåten og kjenne at ein meistrer å bruke den.
  • Høgt i riggen i kveldssol
  • Ånuglo, ei lun havn i Hardanger
  • Leirskulelærar Saskia instruerar før elevane får gå i riggen
  • Spa anlegget på Sild er ei perle elevane veit å gle seg over
  • Oppvask på dekk er ikkje uvanleg, men kråkebollar som inspektørar ser vi ikkje kvar dag
  • Eit klassisk motiv om bord.
  • Undervisning i marinbiologi med utgangspunkt i dagens fangst
  • Vi startar alle tokta med undervisning i tryggleiksrutinane om bord, her demonstrerar vi redningsvestane.
  • Bruket er hentet opp fra blikkstille fjord ein fredfull morra.
  • Vi studerar livet i fjæra.
  • Bestmann Hans Oskar undervisar i storstova vår, banjeren.