Verktøyseminar 2016

For sjuande år på rad vert det i haust arrangert maritimt verktøyseminar på Hardanger fartøyvernsenter. Seminaret vekslar mellom praktisk arbeid og foredrag, med både interne og eksterne lærekrefter.

I løpet av dei fyrste seks åra, har seminaret vore innom dei viktigaste verktøykategoriane og materialbruk innafor det maritime handverksfeltet. I år vert fokus slagverktøy.

Maritimt verksøyseminar er støtta av Norsk kulturminnefond.

Filer