Kurs i vedlikehald på galeasen Svanhild

Hardanger Fartøyvernsenter held vedlikehaldskurs om bord på Svanhild i Florø laurdag 17. og søndag 18.mars 2018. Kurset vil ta for seg generelt vedlikehald av trefartøy samt driving av dekk og vedlikehald av rigg.

Målgruppa for kurset er eigarar og brukarar av tradisjonelle trefartøy.

Kostnad for kurs inkludert lunsj begge dagar og frukost søndag kr. 500,- Betalast på staden.

Middag og overnatting blir opp til kvar deltakar. Ta kontakt om de ynskjer hjelp og tips til overnatting.

Påmelding innan 23.februar til Silje Hausberg Tjosås. Begrensa plassar så det blir «første mann til mølla»

Ser fram til å sjå dykk om bord!

Laurdag
09:00-09:15Innleiing
09:15-09:30 Presentasjon av Galeasen Svanhild
09:30-12:00 Teori
Gjennomgang av fartøyet med fokus på vedlikehald.
- Kva skal en fylja med på?
- Vedlikehaldsplan
- Årshjul
- Arbeidsliste og ansvarsfordeling
- Loggføring

12:00-13:00 Lunsj
13:00-17:00 Praktisk arbeid - inndeling i to grupper
Gruppe 1. Dekk og driving - teori og praksis
Gruppe 2. Vedlikehald av rigg
- Generelt vedlikehald
- Bensling av Wire
- Spleising
- Vedlikehald av blokker

18:00 Felles middag for dei som ynskjer det

Søndag
08:00-09:00 Frukost ombord på Svanhild
09:00-12:00 Praktisk arbeid
Gruppe 2. Dekk og driving
Gruppe 1. Legging av seglduk på byssetak
og montering av mastekrage.

12:00-12:30 Lunsj
12:30-15:00 Fortset med praktisk arbeid.
15:00-16:00 Oppsummering og avslutning
- Kva har me lært?
- Kva skal me ta med oss vidare?
- Fokusområde framover