Korleis å laga ein høvel - seminar med bokslepp!

Kvar haust sidan 2010 har maritimt verktøyseminar gått av stabelen ved Hardanger fartøyvernsenter. Seminaret vender seg til profesjonelle handverkarar som dagleg arbeider med tradisjonelt verktøy i båt og bygningar, og har blitt ein viktig møtestad for tradisjonshandverkarar.

Under årets verktøyseminar vert ei ny, relevant lita bok lansert: «Korleis å laga ein høvel». Boka får du kjøpt under seminaret, eller kan tingast med ein e-post til: fartoyvern@hvm.museum.no

Då fyrste seminaret vart gjennomført var temaet Høvel. I åra som kom, tok me for oss sag, borr og festemiddel, måle- og merkeverktøy, øks, materialuttak, saging og lagring av material, og i fjor var fokus på ulike slagverktøy.

No er me attende der det heile starta; høvelen. Denne verktøygruppa er stor blant båtbyggjarane og i dei fleste andre trehandverk. I løpet av verktøyseminaret er det eit mål alle deltakarar får laga seg ein ny høvel som dei kan ha nytte av i sitt daglege arbeid. 

Som vanleg har seminaret ei god blanding av praksis og teori. Det vert hovudvekt på instruksjon og verkstadarbeid på dagtid. På kveldstid byr me på føredrag og film både for kursdeltakarar og andre interesserte.

Onsd. 1.nov

Kl. 19-20 «Høvlane i båtaskytja»  med Peter Helland-Hansen
Kl. 20-21  Film om Høvelmaking av Erick Raggenbass, Geneve. 

Torsd. 2.11.

Kl. 19-20 «Høvlar på verfta» med Håvard Gjerde
Kl. 20-21  Skipstømrarkisten frå Bøfjorden v/ Peter Brennvik

Instruktørar 2017:
Peter Brennvik (båtbyggar og høvelekspert)
Trond Oalann (handverkar hjå fylkeskonservatoren i Hordaland)
Peter Helland Hansen (småbåtbyggar)
Håvard Gjerde (båtbyggar)

Filer