Kafé og gåvebutikk

Kortreist mat og varer

I kaféen vår – på bryggekanten – kan du kosa deg med heimelaga kake, økologisk kaffi og kortreist eplemost. På varme dagar kan du sitja ute og ete is medan du nyt utsikta.   Butikken vår bugnar av sjølvproduserte varer og maritime gjenstandar, brukskunst og bøker. Her finn du krokar og lysestakar laga i smia, me sel tau frå reiperbana, du kan sogar kjøpa deg ein strandebarmar (båt)! Me har godt utval i bøker med maritime emne, og me har klede og tekstilar med maritimt tema.  
Kontakt
Sandvenvegen 50, 5610 Norheimsund
Tlf: 474 79 839
E-post: fartoyvern@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger fartøyvernsenter!
Opningstider
September-april:
Kl 10-14, man-fredag

Mai-august:
Kl 10-17, alle dagar

For grupper:
Ta kontakt for omvisingar o.l.
X