Utdanning i handverksfag

Hardanger fartøyvernsenter har hatt mange lærlingar i trebåtbyggjarfaget og i reipslagerfaget. Læretida er fire år. Som lærling her får du utfordrande og varierte oppgåver.

Det vanlege utdanningsløpet for trebåtbyggjarfaget er slik:

VG1 Design og håndverk

VG2 Båtbyggerfag

Opplæring i bedrift (to år)

Pr. i dag er det berre Plus-skolen i Fredrikstad som har VG2 Båtbyggerfag. Sjå elles: http://utdanning.no/utdanning/vgs/dhbbf2----

Andre utdanningsløp er moglege. T.d. kan praksis eller fagbrev frå nærliggande fag som tømrar eller snikkar telje til frådrag i læretida.

Læreplan i trebåtbyggjarfaget: Sjå dokument under Filer.

Det vanlege utdanningsløpet i reipslagerfaget er slik:

Vg1 Design og handverk

Opplæring i bedrift i 3 år, kallt særløp.

Hfs har hatt fleire lærlingar i Reipslagarfaget. Læretida går over fire år. Som lærling hjå oss vil du bli tatt med i heile prosessen med å lage tau av ulike material og med ulike teknikkar. Vi lager i hovudsak tau til tradisjonelle båtar. Læreplan i reipslager finn du på : www.udir.no/k106/Rep3-01

Vi vil gjerne komme i kontakt med aktuelle kandidatar, så om du har interesse for å gå i lære ta gjerne kontakt. Kjenner du nokon som dette kunne passa til, så tips dei om ein spennande lærlingeplass.

 

Filer