Smijernsprodukt spesiallaga til ditt formål

Hardanger fartøyvernsenter sin skipssmed har fagbrev og fleire års erfaring i smiing til veteranskipsflåten og bygningsvernet i Noreg. Han smir alt du treng av verktøy og beslag, heilt ned til boltar, spikar og saum.
Alt du treng i smijern til skuta, huset, hytta eller hagen din får du hos Seppe.

Seppe Lehembre tar alle slags smioppdrag. Me har hatt fokus på maritime jobbar, men Seppe har erfaring frå å jobba som kunstsmed så her er det berre å komme med ynskje.

Hausten 2007 gjennomførde me eit prosjekt for å undersøke essesveis og forskjellige ståltypar. Sjå rapport i PDF-format lenger ned.

Maritime oppdrag
Riggbeslag som krøppelspelet til jakta" Brødrene" og eselhodebeslaget du ser i bilderekkja er jobbar Seppe har gjort for veteranskipsflåten i Noreg.

Rekkverk
Einskilde hus ser nakne ut utan smijernsrekkverket sitt. Seppe har m.a. levert rekkverk til den nye strandvegen som bind saman Hardanger fartøyvernsenter og Norheimsund.

Verktøy
Drivjarna til Seppe sel me mykje av, både dei mest vanlege og dei spesiallaga. Han smir også ulike tenger, øksar og hammar.

Krokar
Det gjer seg med ein fin, smidd krok på ein fin trevegg. Det spelar inga rolle om det er innomhus eller på naustvegen.

Hengsler
Hengsler til dører, kister eller luker er og ettertrakta produkt.

Ved verftet er det bygd opp ei velutstyrt smie, men den manglar litt spesialverktøy. Veit du om nokon som har verktøy som skrik etter å bli varmt igjen, så ta kontakt med oss!

Lurer du på om det er noko i smijarn som Seppe kan laga? Svaret er nok; Ja! Ta kontakt så kan Seppe sjå på det. Ring han på 98 46 26 07

 

Filer

Flere bilder

  • Krøppelspill
  • Stendere
  • bøyde drivjern
  • 4 beslag
  • Eselhodebeslag
  • Båtshake
  • dørbeslag
  • krokrekke
  • glødende-skjøt-og-hammer-beskjært