Fartøy under arbeid

Her kan du finne informasjon om fartøy som Hardanger fartøyvernsenter arbeider på no. Dei fleste prosjekta er det ikkje kontinuerleg drift på. Vi må arbeide etter kva som finst av midlar til ei kvar tid. Derfor kan du finne prosjekt her som for er undervegs, men som ventar på finansiering. Nedst på sida ligg det månadsrapportar for dei ulike fartøya.

Følg prosjekta på Facebook!

Fremad II  er eit av dei eldste og mest markante fartøy i den norske fiskeflåten. I 2008 gav Riksantikvaren Fremad II vernestatus og stiftelsen har sidan arbeidd målretta for å få gjennomført ei istandsetting av fartøyet.

Våren 2014 blei det skrive kontrakt mellom Stiftelsen Fremad II og HFS om istandsetting av fartøyet. Sommaren 2014 blei fartøyet slept til Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund og innleiande arbeid sett i gang. Av forskjellige årsaker har slippsettinga blitt utsett til våren 2016. Fartøyet vart bygd i Lowesoft, England i 1888 og går no gjennom ei omfattande restaurering. Fremad II skal tilbakestillast til slik den var rundt 2000-tallet, då den dreiv med ringnotfiske og reketråling. 

 

Handelsereisandebåten M/S Arnafjord er bygd i 1937 for handelsmannen og reiaren Markus Nese. Båten gjekk under namnet "Agenten" på folkemunne. Han gjekk i agentfart for ulike firma som Norske Shell, Walledahl, Sundt, Storebrand og Arbeidstilsynet. Fartøyet er svært komplett, men tilstanden på skroget var dårleg. Etter eitt år på land vart fartøyet sjøsett med istandsett skrog og dekk i november 2010. No står styrehus, maskinrom og innreiing for tur. Hausten 2016 er det forventa overlevering til eigarane.

Hardangerjakta og ekspedisjonsfartøyet Gjøa vart sett på land etter Amundsen sin ferd gjennom Nordvestpassasjen. Etter mange år på utstilling utandørs i San Fransisco og Oslo har det no lykkast Frammuseet å bygge eit eige hus til Gjøa. HFS har fått i oppdrag å gjera slik at Gjøa skrogmessig framstår slik ho gjorde under ferda gjennom Nordvestpassasjen. Innvendes og utvendes skrogforsterkningar vart fjerna under ei restaurering i USA i 1947, og desse skal no gjenskapast.

Nordlandsjekta Anna Karoline vart bygd i 1876. HFS har fått oppdraget med å dokumentera, planlegga, konservera og restaurera jekta med mål om utstilling i Norsk jektefartsmuseum. Jekta Anna Karoline er i følgje Nordlandsmuseet verdas einaste bevarte Nordlandsjekt og rekna som ei nasjonalt ikon. 

Bankskøyta: Nybygging av større trefartøy er ikkje daglegdags. Ein historisk kopi av eit havfiskefartøy frå Sunnmøre er no gjennomført på oppdrag frå Stiftelsen Kjell Holm og Sunnmøre Museum i Ålesund. 

Følg prosjektet på Facebook, og på desse linkane:

Heimeside: http://bankskoyta.no/

Webkamera: http://213.184.195.22/jw/bankskoytelive.html

http://www.smp.no/incoming/article10015091.ece

M/S Stangfjord er ein passasjerbåt på 45 fot bygd i 1933. Båten var kommunikasjonen mellom den veglause industribygda Stongfjorden og omverda, særleg Florø. Stangfjord var i dårleg stand etter mange år uten tilstrekkeleg vedlikehald og så ti år på land. Båten er eigd av Askvoll kommune. Sommaren 2016 kom Stangfjord heim til Stongfjorden. Følg fartøyet her: https://www.facebook.com/stangfjord/?fref=ts 


Filer